Arkivert
Foto:

Butikk på Bjoa - kva meiner du?

Butikk på Bjoa - kva meiner du?

Me er ei gruppe Bjoabuar som meiner det er ein god ide å få på plass ei eller anna form for matbutikk på Bjoa igjen.

Me veit at me er ikkje åleine om dette, men me ønskjer å få høyra kva Bjoabuane meiner og sender difor ut eit spørjeskjema til alle i bygda. 

Du kan svara for hand ved å fylla ut det utsende spørjeskjemaet og leggja svaret i postkassen ved Helsehuset, eller enkelt svara digitalt.

Du finn lenke til undersøkinga både på Bjoa.no, på Facebook eller du kan ta bilete av Qr-koden under.

Her lenka til spørjeskjemaet:

https://forms.office.com/e/JnAd2a9Xeu

Det kan registrerast eit svar per person.

Her er QR-koden til spørjeskjemaet:

Håpar du vil svara :)

 

Svarfrist er 20.12.2023

God jul!

Helsing prosjektgruppa

Anna, Bente, Ingvild, Anne Sofie og Torgeir