Bygdeutviklingslaget kallar inn til bygdakafe og ekstraordinært årsmøte den 12. oktober kl 16:00 i Gymsalen på Bjoa Skule.
Det er berre ei sak på årsmøtet: Overtaking av skuleanlegget på Bjoa
Sakspapira ligg som vedlegg til denne saka lenger nede på sida.
Styret i BBU har vurdert tilbodet frå kommunen og gjort følgjande samrøystes tilråding:
"BBU tar på vegne av Bjoabygda imot kommunen sitt tilbod om overtaking av skuleanlegget på Bjoa på dei vilkåra som er nedfelt i kommunestyrevedtaket den 30. sept. 2025."
Det vert også gitt ei orientering om arbeidet med etablering av privatskule på Bjoa!
Det vert opplegg for ungane og me serverer kaka og kaffi.
Alle velkomne!
Styret i BBU