Arkivert
Foto:

Byggjestart for treningsrommet i Helsehuskjellaren

Eit unikt samarbeidsprosjekt mellom Bjoa Idrettslag og Bjoa Sanitetsforening om bygging av eit treningsrom i Helsehuskjellaren er nå i ferd med å bli realisert.

Me siterer frå prosjektplanen: "Me ser for oss eit godt utstyrt treningsrom som er ope for alle som betalar eit rimeleg medlemskap (100 kr/mnd), og kodelås på døra slik at folk kan komma og gå som dei ønskjer. I tillegg til treningsapparat skal lokalet ha toalett og ein sofakrok der folk kan vera litt sosiale før/etter trening. Tanken er først og fremst individuell trening, men faste tidspunkt med litt instruksjon for grupper som eksempel eldre er aktuelt.

Dette er eit tilbod me ikkje har i bygda, og både ungdommar og vaksne reiser til Ølen (og betalar i dyre dommar) for å trena. Me har stor tru på at dette vil gjera bygda meir attraktiv for både unge og vaksne, skapa eit treffpunkt og sosialt miljø og sikra at breidda har økonomisk mulighet til å trena
(særleg ungdommane). Og ikkje minst håpar me at dette vil gi sprekare og friskare bjoabuar."

Planen går ut på å byggja om og innreia kjellaren til eit treningsrom og utstyra det med eit godt utval av trim- og treningsapparat.

Arbeidet er kostnadsrekna til om lag 450 000 kr, der ombygging / innreiing står for snaut 2/3 og apparat og treningsutstyr for vel 1/3 av kostnaden.

Samarbeidspartnerane (Sanitetsforeningen og Idrettslaget) har lagt 50 000 kr i potten kvar, og i tillegg har Bremnes Seashore AS og SØK-stiftinga løyvt 40 000 kr, Granberg AS og Sparebankestiftelsen SR Bank har løyvt 30 000 kr kvar. Bygdeutviklingslaget har løyvt 25 000 kr, men opna for å dobla dette viss finansieringa blir flaskehalsen for å få prosjektet i gong. I tillegg er det kalkulert med dugnadsinnsats på 130 000 kr. Dermed er prosjektet så godt som fullfinansiert og arbeidet kan starta.

På biletet overrekkjer Banksjefen i SR Bank Ølen, Magne Christiansen og Unn Johannessen Vølstad  (Tveit Regnskap), gåva på 30 000 kr frå Sparebankstiftelsen SR Bank til glade Bjoabuar, representert ved Leif Bjarne Klette Steinsland og Egil Gangstø.

Arbeidet er i oppstartsfasen og prosjektgruppa ber folk melda seg på til dugnad. Ta kontakt med Egil Gangstø, Leif Bjarne Klette Steinsland eller Aleksander Bjørnø

Planen er å opna treningsrommet for bruk til hausten.

Bjoa.no helsar initiativet velkommen og ønskjer lukke til!