Arkivert
Foto:

Drikk kaffien med eit smil

BBU har knytta seg opp til Universitet i Aarhus si foredragsrekke om naturvitenskapleg tema, takka vera Bjoabuen og ex-Aarhusstudent Knut Omdal. Tysdagskvelden gjekk første foredrag av stabelen, og stolane i biblioteket på skulen blei fylt opp i god tid. Bjoa blei ønskte særskilt velkomne som nye på lista over meir enn 400 lokasjonar som overfører foredraga direkte. 3 svært kompetente vetskapsfolk fortalde i dei to skuletimane om kaffi - om kaffibusken, blomen og frukta, veksestader, dyrkingsmetodar, geografisk opphav og utbreiing, handel og historie og til slutt om kaffien si verknad på kropp og sinn. Dette var tydeleg folk som kunne leksa si, og foredraga blei understøtta av forskningsrapportar og illustrert med plansjar og grafar. Solide saker, men presentert på ein lettfatteleg og humoristisk måte. Me fekk høyra om kaffien sine helsebringande effektar, og me konkluderte med at alle som drikk kaffi, kan gjera det med eit smil om munnen.

Klisjeen "Alle var samde om at det hadde vore ein kjekke kveld" passar svært godt som oppsummering.

I pausen mellom skuletimane blei det servert kaffi, så klart, og kaker, spesiallaga for kvelden av Karin!

Takk, Karin!

‍

Neste foredrag er den 17. november kl 19:00, og då er temaet henta frå sjøen, nemleg "Tang".

BBU takkar for oppmøtet og ønskjer velkomen til nye forelesingar frå Aarhus Universitet, direkte overført til biblioteket på skulen på Bjoa!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.