Foto:

Fastelavensris gir trivsel og nytte

Fastelavnsriset er Sanitetskvinnene sitt varemerke, og dei siste åra har sal av dei fjørpynta bjørkekvistene gitt 10-12 millionar kroner til forsking på sjukdommar som oftast rammar kvinner, i tillegg til gode tiltak i nærmiljøet.

I år har flittige damer på Bjoa hatt dugnad og laga ris for sal etter gammalt. Me sel på Kiwi fredag 14. ca 11.30 - ca 18.30, Ølen Senter laurdag 15. ca 11 - 15, på Helsehuset torsdag 20. kl 18.30 - 22.00, via melding på Fb og via sms til

Liv-Kari 415 49 252.

Fleire medlemmer har også ris for salg. Pynt opp inne eller på trappa, og støtt ei god sak!

Prisar: Tradisjonelt ris kr 75,- Moderne ris kr 100,- Fastelavenstre til bedrifter kr 300,-

Fjør &Vin
Fredag 21. februar ønskjer Saniteten alle Bjoadamer velkommen til vår kreative kosekveld på Bjoa Helsehus. Då blir det verkstad med binding av bjørkeris eller bjørkehjarte, og pynting akkurat slik du sjølv vil ha det: Tradisjonelt med fargesprakande fjør, eller moderne med duse og naturfarga fjør. Materiell til eitt ris inkludert i inngangsprisen.

Etterpå blir det kos med ost og kjeks og god tid til prat. Drikke til maten blir servert, men ønskjer du vin eller liknande, tar du det med sjølv.

Litt underhaldning med sosial og ufarleg konkurranse/selskapsleik :-)

Her møtest gamle og nye venninner!


Medlemmer i Bjoa Helselag kr 150,- Ikkje-medlemmer kr 200,-


Påmelding med sms til Liv-Kari 415 49 252 innan onsdag 19. februar.