Arkivert
NTO
Foto:

Finn kvilepulsen på Kulturstien

Bjoa har fått mange flotte turtilbod dei siste åra: Bjoavatnet rundt, Nyevegen gjennom Ølsdalen og turveg frå Dalasvingen til Bakkafossen med bru over Dalselva, for å nemna nokon. Kulturstien på Utbjoa frå starten i Bjoavågen via Hovlandsstøa på Bjoaneset og heim igjen over Donsvikneset er i ei særstilling som Bjoa sin kultursti. Her kan du oppleva ei rik blanding av båtstøer, gravhaugar, gravrøyser, hellesristningar og skålgropfelt - der dei har lege i fleire tusen år, på sørsida av Sunnhordlandsbassenget.

Det har blitt arbeidd i fleire år med å leggja kulturvandringa og stien meir til rette. Slikt arbeid går sakte i eit område med så mange historiske funn, men nå har det i det minste lukkast å plassera ein kvilebenk langs stien. Nils Terje fortel at kommunen har spandert benken, som er laga på Vindafjord Aktivitetshus. Her kan vandrande finna kvilepulsen og nyta både landskapet og kulturhistoriske høgdepunkt. Bjoa.no ønskjer God Tur!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.