Arkivert
Så glad blei Karin Østbø for det store frammøtet
Foto:

Folkevandring til Vadhytta for bålmat frå Ryfylkekokken

Ryfylkekokken er eit selskap som sprer matglede og byr på matopplevingar med Ryfylke som utgangspunkt. Den utflytta Sandeid-buen Frode Selvaag har lang fartstid som kokk, han har gått læretida si hos Arne Brimi på Fossheim Hotell og i 2016 blei han kåra til Årets Kjøkkensjef av Norske Kokkers Landsforening. Saman med Brimi har dei utvikla eit læringskonsept for sunn mat til barnehagar, og reiser verda rundt med det i regi av Læringsverkstedet. Til dagleg driv han og kona, Cathrine, Ryfylkekokken, og basen er Restaurant Landahuset på Finnøy. Eit travelt ektepar som den driftige komiteen for Vadhytta og Vindafjord kommune hadde greidd å lokka til Vadhytta for å gi eksempel på og smakebitar av bålmat, frå forrettar til dessert.

Frode og Cathrine i karakteristisk stil


Vêret var perfekt for tur og bålvarm mat. Menyen starta med lun eplegløgg og deretter varmrøykt aure , bålrøykt på plassen, på nybaka brød og smør med ramslauk. Det smaka herleg! Deretter slo han eit slag for å koka egg i blekkboks på bål, steikja pinnebrød med jarlsbergbitar og andre rettar som kan gi ungar både lettvint turmat og ei lystbetont trening med matlaging. Matlaging er eit Kinder-egg som undervisingsmetode, meinte han. Det er mykje matematikk i matlaging, det trener opp handlaget og stimulerer både til smaksløkar og hjerne. Kor lett er det eigentleg å setja ord på ein smak, spurde han?  

Menyen gjekk vidare med skinke i ein heimelaga tomatsaus (Finnøy er jo tomathovudstaden i Noreg), skinka var av typen jule/påske/sommarskinke - sikker og rask å laga til over glør. Poteter måtte ein berre koka heime, sa han. Grønsaker laga dei til på ei stor wok-panne, og som prikk over i-en avslutta Ryfylkekokken bålmåltidet med ein himmelsk blåbærdessert. Alt vart laga til på plassen på tre - fire bålpanner. Det vart ei så travel økt for både han og kona at Berit Hetland fekk jobb som kokkelærling. Ungane hadde si eiga bålpanne der dei kokkelerte med pinnebrød, pølser og andre godsaker.

Children's corner

Undervegs kom Frode med muntre kommentarer til maten og gode råd for kunsten å laga mat ute på bål. Frå Rogaland Fylkeskommune møtte Torstein Plener som fortalde om prosjektet "Dagsturhytta", og gratulerte Vindafjord med det flotte anlegget ved Svorindsvadet (derav Vadhytta) og det flotte arrangementet. Leon Dyngeland hadde rolla som lokal leiar for tilstellinga, og folk let seg ikkje be to gonger når dei fekk høve til å applaudera dei flinke kokkane og den gode maten.

Folk møtte opp i hopetal, det blei konstatert minst 150 etter fleire forsøk på oppteljing. Parkeringsplassane både på Bjoasida og Ølensvåg var fulle.

Føst og fremst ei stor takk til Ryfylkekokken! Og deretter til det lokale initiativet og alle støttespelarane for arrangement. Dette må vel vera noko å gjera oppatt med visse mellomrom?

gd