Arkivert
Foto:

Foreldredugnad i Bjoa Barnehage

Foreldra i Bjoa Barnehage har ei tid sett på det malingslitne bygget og bestemte seg for å gjera noko med det. I samarbeid med personalet og med litt pengar frå kommunen, tok dei malarkosten i eigne hender. Dei tre siste helgane har dei vaska, skrapa og mala heile bygningen pluss leikestativa.

Foreldra jobba og ungane leika!

Ekstra applaus til foreldrekontakt Ewelina  Waszkiewicz, og mannen hennar Bartek som la ned desidert flest arbeidstimar og tok ansvar for å organisere heile jobben!

Vêret var samarbeidsvilleg og resultatet blei vakkert!!!

Godt jobba av travle småbarnsforeldre!