Arkivert
Foto:

Fotballgolf og diskgolf på Bjoa

Alle som har kjørt forbi Sørenshaugen på Bjoa i det siste, har nok fått med seg at det er noko på gong. Rundt gardshusa og dei fine hagane på Sørenshaugen har Per Inge Sørensen bygt ut ein 9-hols fotballgolfbane - den første på desse kanter av landet!

Fotballgolf, også kalt “footgolf”, er eit presisjonsspel, der kvar spelar skal sparka ballen frå eit hol til neste hol på færrast moglege tilslag. Ein footgolfbane er tilsynelatande lik ein golfbane å sjå til, og har som golfbanar flest 9 eller 18 hol.  Golf er ein svært arealkrevande og nokså vanskeleg sport å meistra, men fotballgolf kan svært mange meistra og finna glede i. Dette er nok den viktigaste grunnen til at fotballgolf er den raskast veksande sporten i Europa.

Banen på Bjoa har 9 hol og det tar mellom ein halv til ein og ein halv time å koma gjennom, seier Per Inge. Den kortaste vegen mellom start og mål er om lag 1 km, men for dei fleste kan det fort bli ein del omvegar.

Per Inge har også bygt ut ein diskgolfbane med utgangspunkt i Sørenshaugen. Diskgolf, eller frisbeegolf, er ein av dei individuelle øvinga innan frisbeesporten, og målet er å treffa ei korg eller eit avtalt mål med færrast moglege kast. Det offisielle internasjonale navnet på sporten er Disc Golf. I Noreg blir det kalla for både Frisbeegolf, Disc golf og Diskgolf. På Bjoa trur eg det passar best med Diskgolf.

Per Inge har kalla anlegget for Floren Aktivitetspark og nærare informasjon ligg på nettsida: https://floren.no

Eit dagskort kostar 100 kr for vaksne og 50 kr for born. Å spela i grupper er ekstra kjekt, og grupper med meir enn 10 deltakarar får 20 % rabatt.

Bjoa.no er imponert og gratulerer med initiativet og resultatet!