Arkivert
Foto:

Gardavikjo - den lokale perla har fått ein ny attraksjon

Gardavikjo er eit friluftsområde som ligg på grensa mellom Utbjoa og Vikebygd, nede ved Ålfjorden. Plassen er eit populært og lett tilgjengeleg turmål for folk i alle aldrar.

Først litt historie

I mellomkrigstida var det stor rift om strandnære hyttetomter langs Ålfjorden, og mange hytter vart bygde i strandsona - på våre kanter særleg i Vikebygd.  I praksis vart dermed mange fine strender utilgjengeleg for folk flest.  "Gardaheimen" i Gardavikjo vart frådelt og selt som hyttetomt i 1931, og med eit svært romsleg areal, i alt 9,3 da. Ei fin hytte i tømra furu blei sett opp på ein høgde ovanfor stranda og seinare påbygd fleire gonger. Hagen blei dyrka opp og av all steinen blei det bygt murar rundt hytta på begge sider. Det blei planta fleire eksotiske tre og buskar, bl.a. valnøttre. Plassen er ei perle frå naturen si side og eigarfamilien utvikla eigedommen på ein svært god måte. Då J. W Blich døydde i 1981, kom familiehytta for sal. Sidan eigedommen er så stor, var det naudsynt med konsesjonsbehandling, noko som opna for bruk av kommunal forkjøpsrett viss allmenne tilhøve tala for det. Dette blei absolutt ei omstridd sak i kommunestyret, der mange - særleg frå bygdane innanfor - meinte det var meiningslaust at kommunen skulle bruka ressursar på slike ting. Engasjementet var stort og lokale representantar sto på barrikadane. I debatten i kommunestyret påstod ein representant frå Ølen at stranda var berre eit evjehol, heilt ueigna til å bada i. Då tok Tor Vølstad ordet og utfordra vedkomande til eit test-bad når kommunestyret skulle på synfaring. Seinhaustes reiste kommunestyret på synfaring, og Tor Vølstad heiv av seg kleda og vassa uti. Halvvegs uti vika snudde han seg og ropa til representanten frå Ølen: "Kjeme du? Her er fint å bada, berre litt kaldt!" Dermed snudde han seg og kasta seg ut i bølgjene. Eg tippar det kan ha vore rundt 8 -10 grader på land, så ingen vart freista til å overprøva Tor sin dom over badetilhøva. Etter ein god del tautrekking i kommunestyret, gjorde kommunen forkjøpsretten sin gjeldande for å sikra plassen som bade- og friluftsareal for alle. I tillegg til hardt kjempande lokale representantar er det rett å nemna ordførar Bjordal, som hadde eit varmt engasjement for saka og var sterkt medverkande til at det blei fleirtal for å sikra Gardavikjo som offentleg friområde.

Spådommen om at eigedommen ville bli ein klump om foten for kommunen, vart gjort grundig til skamme. Eigedommens høge kvalitetar vart anerkjente også av "høgare makter", og i 1984 vart Gardaheimen overdregen til Miljøverndepartementet, som samstundes gav kommunen tinglyst festekontrakt på hytta. Seinare har Friluftsrådet Vest tatt over stell og vedlikehald av eigedommen, unntatt hytta - som var kommunen sitt ansvar.

Gardavikhytto 

Etter at kommunen overtok hytta i 1984, har bygda hatt ansvaret for drift og vedlikehald. Fleire aktørar var inne og forvalta hytta, med varierande aktivitet og suksess. Trass i fleire rundar med vedlikehald, tilsa både bygningstilstanden og behov for nye funksjonar at det ville vera meir framtidsretta å nytta ressursane på å byggja noko nytt i staden for å vøla på det gamle.  Bruken av Gardavikjo tilsa at noko gapahuk-liknande ville vera meir tenleg enn den gamle hytta. Som ansvarleg for hyttedrifta dei siste 15 åra, tok Bjoa Bygdeutviklingslag saman med Friluftsrådet Vest eit initiativ om å byggja nytt. "Me ville erstatta den snart 90 år gamle hytta med eit nybygg som på alle måtar er tilpassa den friluftsbruken som er aktuell i våre dagar."  

Leiar i Friluftsrådet Vest Oddvin Øvernes og dugnadsgeneral Harald Hetland: Det må byggjast nytt!

Gardavikprosjektet

Eit samarbeidsprosjekt mellom BBU og Friluftsrådet vart etablert, med avtalt rolledeling og deltakarandel. Arkitekt Tveit frå Vikebygd fekk i oppdrag å koma med eit forslag til bygningsløysing, basert på innspel frå prosjektgruppa og plassert på den same tomta som hytta. Han leverte eit spanande forslag som ga oss grunnlag for eit kostnadsoverslag. BBU sende søknader om støtte og fekk tilsagn på 200 000 kr frå Sparebankstiftelsen SR-Bank og 100 000 kr frå Rogaland Fylkeskommune. Saman med eigne midlar og ein solid dugnadsgjeng i ryggen, gjekk BBU inn i prosjektet med 350 000 kr og 100 000 kr i form av dugnad, noko som tilsvara om lag halvparten av kostnadsoverslaget.

Før sjølve prosjektet kunne starta, var det ein del oppgåver å utføra for dugnadsgjengen. Det stod diverse hyttemøbler inni hytta som måtte fjernast før rivinga kunne ta til, og BBU inviterte på loppemarknad i hagen utanfor hytta. Det var heller laber interesse for tiltaket, men engasjementet tok seg kraftig opp då dugnadsgeneral Harald Hetland kalla inn til rivingsdugnad seinare på året. Då byggjearbeidet tok til tidleg i 2023, var tomta fint rydda og ein del dominerande tre rundt tomta var fjerna.

Loppemarknad i hagen

Grunnarbeidet og muring av bakmur i stein blei utført våren 2023 og trearbeiet blei lyst ut på anbud. Dette var naudsynt sidan Friluftsrådet som byggherre måtte følgja offentlege reglar for "større investeringar". Slike prosessar tar tid, og først seinhaustes 2023 var det avgjort kven som fekk oppdraget. Vinteren kom med frost og snø, så snekkararbeidet fekk ikkje starta opp før det vårast så smått over nyttår i 2024. Mesteparten av bygget var ferdig før påske, og då var det igjen klart for dugnad med å setja opp innerveggene - av tømra frå den gamle hytta. Innvendige benker er monterte, og innerveggen er kledd med tømra frå den gamle hytta - på dugnad! Eit så flott bygg treng også eit tilsvarande fint golv, og litt om senn kom skiferhellene nydeleg på plass, med Andreas Dunkley som perfeksjonist og skiferleggjar. Sjekk det golvet!

Harald og Audun - godt fornøgde med at innerveggene er kledde med den gamle tømra

Bålpanne er komen på plass på den vesle flaten nordvest for bygget, og kanskje kjem det ein eldstad inne i rommet også. For å auka bruken gjennom heile året, kan det også vera aktuelt å montera skjermar som kan trekkjast føre deler av opninga når det gufsar frå vest.

Byggjeleiar (og altmuligmann) Andreas Dunkley og Elling legg skifer på golvet.

Verdt ein byggepris?

Nybygget er eit flott bygg, utført i solide materialar. Bygget er teikna av Arkitekt Arne Tveit, T. Sandsgård Anlegg har gjort grunnarbeidet, Odd Helge Bøe har murt steinmuren og Håvard Hustoft (Kalstveit & Vik) frå Kvaløyno i Imsland har utført snekkerarbeidet. Bygget er definitivt større enn ein vanleg gapahuk og det har blitt ymta om at det heller burde kallast utestove eller noko i den duren. Rommet gir god plass til fleire familiar på tur og vil gjera det mogleg å utvida bruken av Gardavikjo til heile året og i all slags vêr.

Solid bålpanne klar til bruk

Det kom vel 50 personar for å vera med på opninga den 23. april 2025. Utbjoa Grendahus stod som arrangør og Nils Terje leia seremonien. Han gjekk gjennom historiske fakta om plassen i Gardavikjo og Harald fortalde om prosjektet med å reisa eit nybygg til erstatning for den gamle hytta. Leiar i Friluftsrådet Vest og leiar i BBU klipte saman over snora og erklærte bygget for offisielt opna.

Snorklipping av Solveig (FriVest) og Aleksander (BBU) i samarbeid

Agnar stod for eit kulturelt innslag og leia dei frammøtte i ein leikarring i det fine vêret. Folket blei servert lapskaus, som blei inntatt både i og utanfor den nye utestova.

Nybygget fekk mykje vellæte frå dei oppmøtte. Gardavikjo vil etter nyvinninga raga høgt blant dei flottaste sjønære friluftsområda i vid omkrets, og sjølve bygningen må vel vera verdt ein byggepris? Friluftsrådet Vest har vore ein ypparleg samarbeidspartner for BBU og me takkar for det gode samarbeidet med tidlegare leiar Oddvin Øvernes, nåverande leiar Solveig Myge, og ikkje minst den dyktige byggeleiaren, tusenkunstnaren Andreas Dunkley. Takk også til sponsorane og til den trugne, flinke dugnadsgjengen leia av dugnadsgeneral Harald Hetland!

Andreas Dunkley, Solveig Myge og Oddvin Øvernes frå Friluftsrådet