VA, Grannar
Foto:

Gjev pris til Bjoabu

Nils Reimers var sentral då Tomax såg dagens lys for 15 år sidan, og han er hovudeigar i selskapet i dag. Konsernet har bak seg ein kraftig internasjonal vekst gjennom 2018 og 2019. Årleg omsetnad frå selskapet sitt AST-produkt (Anti Stick-Slip Teknologi) passerte i fjor 300 millionar kroner.  Om lag 1.200 brønnar blei bora med selskapet sitt utstyr. Eksportdelen av Tomax si verksemd er over 90 prosent.

Dette er eit av Tomax sine anlegg i USA

AST er eit verktøy som blir plassert nede i boreholet og regulerer matinga av borekrona slik at det ikkje oppstår overlast på borekrona eller systema som driv boret. Jamn innmating reduserer også tapet til friksjon og aukar effektiviteten i sjølve boreprosessen betydeleg.

Matematiske modellar viser at Tomax sitt patenterte reguleringsprinsipp gjer at det blir bora 30-40 prosent meir fjell med same tilførte energi. Slitasjen blir tilsvarande redusert.

Bjoa.no gratulerer med imponerande produkt og forretningssuksess!