Arkivert
Gunnar Dalen
Foto:

Gråhorgtur med forviklingar

Stord og Fitjar Turlag har ein imponerande aktivitet for medlemmene sine og arrangerer mange turar av ulik vanskegrad heile året. I dag sto Gråhorgjo på programmet for seniorgruppa, og 26 vandrarar starta opp frå Gautehilderen i fint turvêr. Halvvegs oppe, ved Kyrkjo, fekk ein av gjestene problemer, og den røynde turleiinga gjennomførte ein prikkfri bergingsaksjon - som tatt ut av læreboka: Trygg på tur! Etter rådføring med 113 kom eit bergingshelikopter på plassen og henta pasient og følgjesmann. Før dei sette kursen nordover svinga dei innom varden på Gråhorgjo, slik at alle i gruppa kunne sei at dei hadde vore på toppen i dag.

Utsikten frå toppen var heilt suveren i dag, og dei fleste i gruppa fekk sjå heim ... og langt vidare.

Primus motor og leiar i turlaget: Gerda Øen

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.