Christopher Kunøe, Byggmesteren
Foto:

Granberg AS viktig leverandør av smittevernutstyr

Redkordstor etterspørsel

Alle som kjører forbi Granberg AS sine lokale på Bjoa har sett at det i det siste har vore aktivitet der både seint og tidleg.  

- Etterspørselen etter smittevernutstyr har eksplodert den siste månaden, seier Mathias Granberg til bjoa.no. Me har til vanleg eit ganske robust lager av slike varer, men med meir enn dobling av salet, ser også me ein del tomme reolar etter kvart.

- Me har all produksjonen vår i utlandet, og i fleire av produksjonslanda går industrien på låggir for tida. Me ventar likevel inn nye forsyningar seinare i april og i mai.

- Ei anna stor utfordring for oss er den rekordlåge og urolege kronekursen.

Viktig arbeidsplass på Bjoa

Bedrifta har 45 arbeidsplassar i Noreg, 12 i Sverige og 8 ved produksjonsfabrikken i Litauen. I dag arbeider mange her på Bjoa på heimekontor.

-Me såg koronafaren tidleg. Mange meinte me var hysteriske då me byrja å senda heim folk i starten av mars, men me såg raskt at dette kunne bli ein lang og krevjande periode for mange.

-Det er endå verre enn vanleg å spå om framtida, seier Mathias, men fleire teikn tyda på at Europa uansett kunne gli inn i ein periode med trongare økonomi. Den aktuelle smittesituasjonen er sjølvsagt med på å forverra situasjonen. Men med markedets beste produkt har me likevel god tru på framtida, seier den optimistiske salgsjefen.

Hanskesuksess og internasjonal prisvinnar

Hanskeeventyret på Bjoa starta på 1960-talet då Paul Granberg fekk ideen om å skape arbeidshanskar som kunne gjere arbeidskvardagen lettare for både sveisarar, stålarbeidarar og fiskarar. Nede i huskjellaren like ved Gardkroken starta arbeidet, og der laga Paul det som skulle bli Granberg sin aller første skinnhanske.

I dag leverer bedrifta hanskar til kundar over heile verda, og dei er stadig på jakt etter ny kompetanse og betre løysingar for å kunne gi trygge og solide produkt.  

Granberg AS har i fleire år blitt kåra til vinnar av Red Dot Award, noko som er Oscar-utdelinga i Hanskeverda. Det siste nye produktet er Granberg® 5501.  Hansken har eit kraftig, men ytterst smidig vern mot slag og kutt, og gir også 360⁰ C vern mot kutt. Hansken er unik i sitt slag, og den er utvikla av Granberg sine eigne ekspertar.

Bjoa. no ønskjer lukke til vidare for denne viktige bedrifta for Bjoa og landet!