Tredje gongen gjeld det: Opning for publikum i februar, dugnadsfest tidleg i april og nå til sist opningsmarkering med inviterte representantar frå sponsorar, styra og husstyret i Bjoa Sanitetsforening og Bjoa Idrettslag og styret i Bjoa Bygdeutviklingslag. Så NÅ må Gymmen vera skikkeleg opna!
Initiativet til å laga eit treningsrom kom frå ei handfull unge menn hausten 2022. Dei involverte Bjoa Sanitetsforeninga som var villig til å stilla det tomme kjellarlokalet til disposisjon, og Idrettslag var ivrige på å realisera dette. Bjoa Bygdeutviklingslag blei kontakta, og lova støtte til tiltaket. Det blei jobba med kalkylar og ein samarbeidsavtale, og våren 2023 sa årsmøta i begge dei frivillige organisasjonane "ja" til å gå inn med 50 000 kroner i prosjektet. Formålet var å byggja eit treningsrom som skulle vera så lett tilgjengeleg i bygda og så rimeleg å bruka at det inkluderte alle i alle aldrar, og dermed bidreg til å betra folkehelsa blant bjoabuen. Tiltaket skulel også ha eit sosialt fokus med plass til å slå av ein drøs med andre etter treninga. Etter det starta arbeidet både med å søkja meir økonomisk støtte, sjølve innreiingsarbeidet og vurdering og innkjøp av treningsapparat. Som dei fleste innreiingsprosjekt, har også dette "balla på seg", og arbeidet blei meir omfattande og langvaring enn ein hadde sett for seg. Om lag 40-50 ulike personar har vore innom på dugnad, men leiinga av prosjektet og størsteparten av arbeidet er blitt gjort av ein "hard kjerne" på fem engasjerte (og travle) karar. Men rett over nyttår 2025 stod rommet med kjøkkenkrok, toalett/bade-/vaskekrom, gang og bod ferdig, - flottare og meir forseggjort enn nokon hadde tenkt i utgangspunktet! Responsen har også vore langt over det initiativtakarane håpa på: I dag har Gymmen ca 110 medlemmer som er meir enn det doble av det budsjetterte!
I reine kostnader inkludert alle treningsapparata, har Gymmen kosta nærmare 600 000 kroner. Då er ikkje tallause dugnadstimar og bruk av eige verktøy og materiell medrekna. Økonomisk har prosjektet fått minst 50 000 frå Idrettslaget og Sanitetsforeninga, 75 000 frå Bjoa Bygdeutviklingslag, 50 000 frå Gjensidigestiftelsen, 40 000 frå SØK-stiftinga, 35 000 frå Granberg AS, 30 000 frå Sparebank 1 Sør Norge (tidl. SR-bank) og arbeid og grus verd ca. 10 000 frå T. Sandsgård Anlegg. Idrettslaget og Saniteten er enno ikkje heilt i mål med finansieringa, men eit gledeleg høgt medlemstal hjelper på. Gymmen skal ikkje gi forteneste, men inntektene skal gå tilbake til drift, vedlikehald og fornying.
Opningsmarkeringa starta i Gymmen med bobler i stetteglas og litt omvising og forklaring til dei som ikkje hadde vore der før. Det var ikkje avklart kven som skulle klyppa snora så dette måtte dei frammøtte sponsorane konkurrera om i ein uhøgtidleg konkurranse. Utstyrt med 17.-mai fløyte (av den typen som blir lang når du blæs), galdt det å vera den kjappaste til lå velta alle plastglasa på bordet. Mathias frå Granberg AS slo Gjensidige med knapp margin, og fekk det ærefulle oppdraget. Etterpå trekte forsamlinga opp i Litlesalen til kaffi og kaker, og litt meir orientering om prosjektet, økonomien og samarbeidet. Tiltaket og eldsjelene fekk også lovord frå nokre av sponsorane som takka for at dei fekk vera med å bidra til eit så godt formål!