Arkivert
Elin Arianson
Foto:

Gymsalen klar for 17.mai og andre festdager.

Etter eit godt overskot etter 17.maifeiringa i fjor kom ideen om at overskotet kunne brukast til delfinansiering av nye scenetepper i gymsalen.

Ideen blei tatt godt imot av flerie og det som starta som ein ide blei snart eit prosjekt. Her ville fleire bidra og Bjoa Bygdeutviklingslag tok ansvaret for å samordne finansieringa.

Det er jo gjerne slik at når ein tar tak i noko, ja så følgjer det flere ting med. For det var klart at skulle sceneteppene skiftast ut, så måtte også gardinene i gymsalen fornyast. Og kven vil vel henge opp nye gardiner og skifte scenetepper utan å male opp vegger og vinduskarmar?....

Som tenkt så gjort.

Som vanleg når vi vil ha gjort noko på Bjoa så har dugnadshjelpa vore på plass. 4H stilte med malarhjelp og bidro til at nødvendig malararbeid blei ferdig i tide.

Stoff til gardiner og Scenetepper er kjøpt hos Stoff og Stil og syarbeidet er utført delvis i Danmark på Stoff og Stil si systove og delvis i Etne på Anita Systove.

Vaktmester Ole Harald har også strekt seg langt for å hjelpa til med å få prosjektet i hamn. Han var mellom anna med og gjorde ein uvurderlig innsats under monteringa.

Resultatet av arbeidet er blitt ei stor og synleg oppgradering av gymsalen og scena, - det vil seie storstova i bygda vår. Dette er noko som kjem alle tilgode og som ein kan seie at heile bygda har bidratt til i og med at finansieringa skjer gjennom fellesmidler som kjem frå 17.maifeiring og direkte tilskot frå lag og foreningar i bygda.