Arkivert
Morten Stene, Grannar
Foto:

Heilsuksess med Halvmaraton

Idrettslaget arrangerte den første Bjoa Halvmaraton på laurdag 2. oktober med stor deltaking, flott løype, godt arrangement og mange langs løypa!

Til saman hadde nær 100 deltakarar startnummer på brystet. Av desse sprang 38 halvmaraton, 14 sprang 10 km og 42 sprang rundt banen i barneklassen.

Ein stor dugnadsgjeng gjennomførte arrangementet med glans, og det vanka mange gode ord for den flotte løypa frå Idrettsplassen til Bakkafossen og tilbake.

Drikkepost ved Baslibrua

Resultatlistene kan du finna her

Tom Erik Karlsen frå Ølen VGS Idrettsfag vann halvmaraton på 1:13:49:00, og sette dermed den første løyperekorden for menn. Det er ei svært sterk tid, for løypa er ganske bakkete samanlikna med mange andre maratonløyper.

Line Fjelldalselv vann kvinneklassen på 1:46:35:00.

Beste fastbuande Bjoabu blei Herman Westerman med tida 1:31:35:00, som dermed har Bjoarekorden for løypa. Bjoa.no gratulerer!

Leiaren i Bjoa Idrettslag, Egil Gangstø, var svært godt nøgd med arrangementet, og oppmodar bjoa.no - lesarar til å hiva seg i trening , for dette blir sikkert eit årvisst arrangement.