Arkivert
Nils Reimers
Foto:

Hestejenta Taletta frå Bjoa

Etter 10 år som aktiv har Taletta Vestbø Reimers frå Innbjoa si første påske med fri frå hesteryggen. No skal ho i gang med meir utdanning. Taletta har bak seg eit stort tal treningssamlingar og konkurransar rundt omkring i landet. Frå 2018 gjekk ho på toppidrettslinja på Øksnevad. Der fekk ho dei beste attestar frå trenaren Mikael Kolind, som også er trenar for det norske landslaget.

Likevel er det Thea Eikehaugen Knutsen frå heimbygda Taletta peikar på som sin viktigaste mentor. «Thea hadde alt lært mykje då eg starta som åtteåring. Vi kunne trena ilag heime og det blei både triveleg og effektivt».  Taletta og Thea fekk også hjep frå tidlegare eliteryttar Elisabeth Lepsøe Haaland. Tilfeldigheitene ville at ho hadde kjøpt feriehus akkurat i Nygårdsvegen på Innbjoa. Dermed blei dei lokale forholda enno betre for sporten.

Taletta har dei siste åra oppnådd stabile, gode resultat i dei høgare meisterskapsklassane. Det har gjort henne til den høgst rangerte ryttaren i denne sporten frå vårt distrikt. Ho ser ikkje bort frå at ho kan ta opp igjen sporten seinare. No er det nye, unge Bjoajenter som er i aktivitet på ridebanen nedst i Nygårdsvegen. 

   

 

Nederlands varmblods «Clement» var stort sett på Bjoa i feriane. Her har Taletta han med på kvalifisering til Ungdoms-NM i 2020.