Arkivert
Desse to håpar mange kjem på førstehjelpskvelden fredag 30. september
Foto:

Hjartestartar-kveld, basar og "Haustbobler"

Dei fleste har vel fått med seg i media siste vekene at Norske Kvinners Sanitetsforening er ei foreining som faktisk jobbar med kvinnehelse?! Men i tillegg til dei sentrale sakene, jobbar lokalforeningane og for trivsel, omsorgsberedskap og folkehelse rundt i kommunane. Dei komande vekene går det slag i slag med arrangement i regi av Bjoa Sanitetsforening her i bygda.

Siste veka i september har Saniteten fokus på førstehjelp og beredskap. Kva passar vel då betre enn å «feira» den nye hjartestartaren vår? Sanitetsforeninga la 10.000 i potten og starta ein innsamlings-Spleis som raskt sørga for resten av summen. Fredag kveld får me læra oss å bruka den og kva som eigentleg skjer når me ringer 113. Me har stor tru på at dette blir eit humørfylt mini-kurs, for det er ingen ringare enn «vår eiga» Thea Eigehaugen Knutsen og ambulanse-kollega Henning Aarekol som skal stå for opplæringa. Bjoa 4H er medarrangør, og me håpar både unge og eldre sørger for å få med seg denne underhaldande kvelden med livsviktig kunnskap.

Veka etterpå stiller sanitetsdamene på skulen og serverer herleg lunsj til skule- og barnehageungane før dei tar haustferie. Dette har vore tradisjon i mange tiår!

Laurdag i haustferien blir det god gammaldags basar med åresal, matpause og trekking av flotte gevinstar på bøkene. Me kan nemna gåvekort på Ebnes, skinn frå Granberg, ved, lyslykt og mykje anna flott og kjekt. Me har også i år eiga dokke-bok. Trufast medlem Herborg Fosse har gitt dokke og strikka rikhaldig garderobe til kvar basar i snart 20 år! Ta vel i mot loddseljarane som alt er på runde med rundt i bygda, og vel møtt på basar!

Første laurdagen i november blir det «Haustbobler» på Helsehuset. Ein kveld til både hygge og nytte med velkomstbobler, foredraget «God natt, - kor blir søvnen av?» ved psykologspesialist Hilde C. B. Veldt, kjekke folk, mat og drikke ved bord og i bar og musikk ved bandet Cover Control med Trond Ponce og musikkvenner frå Stavanger-kanten som spelar blues, jazz og soul.