Arkivert
EAS
Foto:

Husmannsplassar på Bjoa

HUSMANNSPLASSAR PÅ BJOA

To lokale eldsjeler som er litt over gjennomsnittleg interessert i lokalhistorie på Bjoastranda, er no igong med å samla informasjon om Husmannsplassar i alle bygdene i Bjoa Sokn - frå Saltvik til Sandvik. Det er Ingrid Steinsland og Ernst Arne Sælevik som har tatt fatt på denne store oppgåva. Til Bjoa.no seier Ernst Arne:

"Tanken vår er å samla inn dokumentasjon og bilete av stader i fortid og notid, med anvisning på kart kor plassane var/er. Husmannsplassen på biletet ovanfor er Øvra Hålo på Steinsland. Her budde folk og fe heilt fram til for hundre år sidan.

Me er særleg interesserte i bilete av folk som i si tid var husfolk i bygdene, både born og vaksne. Det same gjeld gamle gardsdokument som kan innehalda nyttige opplysningar om husmannsplassar, stader og folk.

Gjenstandar som er brukt og kan hende laga av husmenn eller -koner er også viktig å få fram i lyset.

Noko av dette har me alt vore litt rundt i bygdene og prata med folk om og hatt omvisningar. Fleire står for tur utover hausten og våren.

Nokre husfolk/familiar fekk høve til å emigrera til Amerika på 1800-talet. Korleis det gjekk med dei der, høyrer også med til den husmanns-soga som me ynskjer å formidla. Brev og bilete frå "Junaiten" til dei som blei att heime, er også viktige.

Viss Bjoabuar og andre med kunnskap om dette temaet har kjennskap til noko av dette, ver då gild å ta kontakt med oss!"

Ingrid Steinsland - telefon 481 34 862    

Ernst Arne Sælevik - telefon 418 56 251

Bjoa.no ønskjer lukke til med arbeidet!