Arkivert
Foto:

Info og aktivitetsforslag i corona-tider

Bjoa Sanitetsforening ønskjer å bidra til at folk i bygda vår, har det så bra som det går an nå. Difor stiller foreninga med dugnadshjelp og aktivitetsforslag.

  • Handlebussen går ikkje nå, men det går an å bestilla varer hos Joker Vikebygd tlf 53 76 91 69, og så er medlemmer i Bjoa Sanitetsforening med på dugnad og leverer varene heim på døra kvar fredag!
  • Treng du hjelp til for eksempel henting av medisin eller andre viktige ærend, eller berre nokon å snakka med på telefonen? Ta kontakt med Marlen Bødtker tlf 983 56 221 (dag tid) eller Liv-Kari Bødtker tlf 415 49 252 (kveld) så ordnar dei med dugnadshjelp.

  • Aktivitetstips 1: Ver med å laga eit «korona-dugnads-teppe»! Strikk eller hekle ein ( . fleire) lapp(ar) på 15 x 15 cm. Fargar og ev mønster bestemmer du sjølv. Lappane vil bli hekla saman til eit teppe som kan loddast ut på Sanitets-basaren  til hausten. Tenk så artig med eit dugnadsteppe til minne om denne svært spesielle våren!
  • Aktivitetstips 2: Likar du handarbeid, men har ikkje nokon å laga til eller noko å laga av? For dei som ønskjer å laga gevinstar til Sanitets-basaren, kjøper foreninga meir enn gjerne inn både materiell og mønster!
  • Aktivitetstips 3: AKTIVITETS-BINGO! Passar for ungar og eldre, ungdom og vaksne. Når du har gjort alle aktivitetane og fylt ut skjemaet (med dato eller resultat) på alle rutene, kan du (som bur på Bjoa) vera med i trekninga av eit stort påskeegg med masse godt i. Frist seinast 1. april! Last ned fila med kupongen under artikkelen. (Dei godt vaksne i bygda, som kanskje ikkje er "på nett", har fått ark i postkassen sin).
    Ta gjerne bilde av aktivitetane dine, så blir det oppfølging på Facebook med daglege statusar på Bjoa-sida på Facebook, der deltakarane kan leggja ut resultatet av dei ulike påfunna! Bjoa Sanitetsforening håpar dette kan gi litt aktivitet, engasjement og felles hygge i ei spesiell tid.