Arkivert
AS
Foto:

Ingeborg har planen klar for nystart av Pluggen Ungdomsklubb

Ingeborg Steinsland Gjerdevik (13) gjennomførte i år eit 4H - prosjekt som handla om å starta opp igjen ungdomsklubb på Bjoa.

Arbeidstittelen var Pluggen II. Tilbodet skal nytta kjøkken, klubblokale og bibliotek i skulekjellaren. Tilbodet skal vera ope for alle, anten dei er fastbuande eller ferierande.

Finansiering var ein del av prosjektet, og den er alt komen på plass: 7 000 frå SØK og 10 000 kr frå Sparebank-1 stiftinga. Pengane skal brukast til møbler og utstyr.

Drifta av klubben er planlagt med ansvarleg/vakt på omgang.

Oppstart lar nok venta på seg til koronasituasjonen er over. Til gjengjeld har Ingeborg verkeleg brukt tida godt!

Dette biletet er frå kjellaren i Helsehuset den gong Pluggen I var i drift. Foto: Marit Eikehaugen

bjoa.no ønskjer lukke til med dette gode tiltaket!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.