
Bjoa Bondelag hadde årsmøte den 6. november på Helsehuset. Årsmeldinga fortalde om ei aktivt år i laget og om lag halvparten av dei 33 medlemmene møtte opp til årsmøte! Fylkesleiar Ståle Hustoft fortalde om arbeidet i fylkeslaget og om viktige tema for landbruket framover. Som vanleg på bondelaget sine møte, gjekk praten livleg - både i matøkta og elles i møtet.
Marianne Hamre har vore ein energisk leiar i Bjoa Bondelag i 5 år og blei takka for den store innsatsen ho har lagt ned for laget og for Bjoabøndene. Det måtte dermed veljast ny leiar, og Bjoabøndene har nok vore svært fornøgde med sine 2 kvinnelege leiarar sidan 2012, for dei valde samrøystes Siri Steinsland til ny leiar! Siri er ein ung og sterkt engasjert bonde, og ho kjem til å bli lagt merke til, langt utanfor lokallaget. Ho er heller ikkje ukjent med Bondelagsarbeidet, for mora - Inga Steinsland, var lokalagsleiar i 8 år før Marianne. Landbrukspolitikk har difor vore eit hyppig tema i heimen under Siri sin oppvekst!
Bjoa.no gratulerer med valet og ønskjer lukke til!