Arkivert
Ingrid Steinsland
Foto:

Jernbryllup på Bjoa

«Jernbryllup»

Sist laurdag feira Edith og Sigmund Tveit jernbryllup på Bjoa Skule.  Dessutan fyller Sigmund 95 år i oktober og Edith blir 90 i desember, så familie og vener, meir enn hundre i talet, var med og gjorde dagen til ein fest alle vil hugsa lenge …

Å feira jernbryllup ( gift i 70 år) er ein sjelden begivenhet som berre dei færraste får oppleva.  Og å få arrangera det for to høgst oppegåande foreldre er nok endå sjeldnare.

Dei er jo ikkje akkurat blitt sprekare med åra, men ser me bort frå briller, høyreapparat, ein dose daglege piller og vonde hofter, er dei omtrent som før. Dei har nett vore på weekend på Bømlo med campingbilen i lag med gode vener, og veka før det var dei på bubilferie i Telemark.  Og jammen kom pappa seg til Randseter i Sverige på trekkspelfestival med ein kamerat i år og.

Mens Edith likar seg best heime med blomar, bær, ugras, handarbeid, (syt for lubbar til heile familien), matlaging (frå botn av sjølvsagt), venninner, ei god bok eller aviser, tek Sigmund seg gjerne ein tur på den nye vegen langs Bjoavatnet (der han forresten har gjort dugnad i sommar med å så grasfrø i alle skråningane). Elles held han på og skriv om livet på Bjoa i gamle dagar, han lagar slireknivar til oldebarna etter kvart som dei blir konfirmerte, eller jobbar i garasjen med oppfinnelsen sin: Ein elektrisk køyredoning til mamma.  Og så lese han alle bøkene som ho les, bortsett frå seriar, og så er han sjølvsagt på Facebook.

På festen heldt Sigmund tale der han fortalde om bryllupet deira, åra med å etablera ein maskinstasjon samstundes som dei hadde ein gard å ta seg av, familien dei fekk, og sist, men ikkje minst, bygda dei har budd i med den flotte naturen omkring. Han understreka relasjonane til sambygdingane som ein gjerne får gjennom dugnader, viljen og evnen til å løysa små og store oppgåver i lag, og kjensla av vennskap og samhald som oppstår i kjølvatnet.

Edith og Sigmund har alt dei treng og vel så det, og ønskte ingen presangar til seg sjølve.  Men hvis nokon absolutt ville gi dei noko, kunne dei yta nokre kroner til fleire benker langs vegen rundt Bjoavatnet, slik at dei kunne gi det som ei gåve tilbake til bygda. Så nå kan kroner 10300 brukast til dette.