Arkivert
Nils Reimers
Foto:

Jubileumshaustfest i Bjoa 4H

Det blei god underhaldning då stiane til turfolket og villbassane møttest på Bjoa 4H sin Haustfest sundag 27. oktober. Det måtte både gamle minne, store jur og par-terapi til før medlemmene kunne framføre bursdagssongen for sin eigen klubb; Bjoa 4H blei stifta i 1969 er 50 år i år. Dette blei også markert i talane til dei spesielt inviterte gjestene som var ordførar Ole Johan Vierdal, representant frå fylkesstyret i 4H, Jørgen Våg Skjold og formann i Bjoa Bondelag, Inga Steinsland.

Det var utstilling frå 32 4H-prosjekt som dekka det meste frå kjøkkenhage og foto til smedarbeid, førarkort og motorcross. Tre av medlemmene hadde 50 års 4H-historie som oppgåve, og stilte ut album og dokument frå 1969 til 2019. Dette blei ein favoritt der mange fann att seg sjølv og foreldre frå tidlegare år i klubben.

Jubileumsoppgåva: Bjoa 4H 50 år