Arkivert
Foto:

Jubileumskonsert med trøkk i !

Bjoa Kyrkje var 125 år i fjor, og på fredagskvelden var det endeleg mogleg å samlast til jubileumskonsert.

Vindafjord Soul Children opna konserten med tre friske songar og det blei endå meir trøkk då Trond Ponce med Anders Lunde på bass gav til beste tre nummer.

Johan Sebastian Bach skjemmer heller ikkje ut noko konsertprogram, og organist Juri Kotkovitch spela eit preludium og fuge av Bach.

Liv Kari Bødtker fortalde om Bjoakyrkja si historie frå 1895 og fram til i dag. Ideen om ei kyrkje på Bjoa kom frå Bjoabuen sjølv, og bygget vart gjennomført ved hjelp av dugnad og innsamla penger. Opp gjennom tida har kyrkja blitt utstyrt både med lysekrone, brurestolar og nye benker. I fjor vart det gjennomført eit stort vedlikehaldsarbeid og all kledning vart skifta og likeeins alle glasa på oppsida, slik at kyrkja i dag er "god som ny".

Knut Omdal batt programmet saman på meisterleg vis under overskrifta "Kyrkja i våre liv". Knut har også vore primus motor i oppussinga av kyrkja og for å skaffa dåpsfat og mugge i sølv. Det staselege dåpssettet er nå på plass og klar til bruk for nye Bjoabuar!

Leiar i Soknerådet Signe-Britt Vik og Knut Omdal

Soknepresten lyste velsigninga over dei om lag 40 frammøtte, og minna om at det er jubileumsgudsteneste på sundag. Då skal det døypast 3 born og dei får dermed vera dei første til å bruka det nye dåpssettet i sølv!

Bjoa.no takkar for ei fin konsertoppleving og gratulerer med 126 år!