Arkivert
Foto:

Julestemning i Gardkroken

Vil du ha lys i Gardkroken før jul?

Sanitetsforeninga har fått låna det gamle butikklokalet i Gardkroken i desember, og håpar å laga tidenes utstilling av peparkakebyggverk og -figurar i glasa.

Dei inviterer alle til å vera med: "Du kan baka kva du vil, men me har eit par stikkord om du treng tips: Noko som gjer deg glad og fellesskap: Leikehytta, drømmehuset, lykkeplassen. Og det treng ikkje vera hus, - du kan baka figurar som går i 17. mai-tog, spelar fotball, dansar, sånt som me gler oss til når koronaen er over.

Meld frå til Marlen Bødtker tlf 983 56 221 (gjerne sms) viss du vil baka og stilla ut.

Innlevering seinast onsdag 9. desember.

Bli med å laga eit lyspunkt i bygda i ei stussleg førjulstid! "

Bjoa.no ønskjer lukke til med dette flotte initiativet!

❤