Arkivert
Foto:

Kløvertreff hausten 2019

Siste onsdagen kvar månad kl 15 arrangerer Bjoa Sanitetsforening Kløvertreff som er meint som ein sosial møteplass for alle som er heime på denne tida av dagen. Programmet varierer frå gong til gong, men faste innslag er vaflar og kaffi, tid til drøs, ei lita utlodding for å finansiera tiltaket og kanskje litt trim på slutten. Her er plass til fleire, og særleg skulle me ønskja at også mannfolka tok turen! Ansvarleg for Kløvertreffet er Anita Hansen, tlf 909 88 787.

  • September: Ølen Munn og Spel var på besøk med sine lystige tonar og allsong.
  • Oktober: Halloween-stemning med graskar, spindelvev og kanskje spøkelse!? Du får vita litt om tradisjonen bak denne feiringa, og menyen blir noko også av det skumle slaget ;-) Cecilie T. Vestbø demonstrerer miljøvennlege klutar og hushaldningsartiklar.
  • November: Julebord i løå på Nesheimstunet i Vats. Ei oppleving du må få med deg! Både den kreativt restaurerte Nesheimsløå og vertskapet er verd besøket åleine, og når dei diskar opp med skikkeleg julemeny så kan det ikkje bli betre! Pris medlemmer kr 400,- ikkje-medlemmer kr 495,-. Me kjører i privatbilar frå Helsehuset kl 15. Bindande påmelding og betaling seinast ei veke før. Du kan melda deg på på Kløvertreffet i oktober.
  • Desember: Ikkje endeleg bestemt, men kanskje det blir ein førjulstur til Ølen Omsorgssenter. Det er tysdagen som er Bjoa-dag på dagsenteret der, og då går det buss frå Bjoa. Dette bestemmer me på Kløvertreffet i oktober.

Sanitetsforeninga vil gjerne ha med fleire som kan vera med å hjelpa til med kjøkenteneste og rydding etter Kløvertreff, eller som kan kjøra dei som treng transport. Kontakt Anita.