Arkivert
Foto:

Konfirmantar av edel årgang

Laurdag 17. august var det felles jubileum for Bjoa-konfirmantane frå 1959 og 1960.

Jubileet var lagt opp som ei uformell samling utan stramt program. Det viktigaste var at personer med nære relasjoner frå sine yngre dager - med felles klasserom frå barneskule og som sto konfirmantar i lag,  fekk treffa kvarandre etter gamalt og friska opp gamle minne.  Kvar jubilant gav i tillegg ei kort orientering om si livshistorie  dei siste 59 - 60 åra. 

Av dei 16 konfirmantane frå 1960 kullet, er 4 gått bort.   11 av dei 12 andre var med på samlinga. Desse er som vist på biletet ovanfor: Frå venstre Knut Oma, Marie Oma Klippen, Nils Gjertin Gjerde, Kari Østrem Eskeland, Herborg Aasbø Nybø, Lillian Gjerde Tveit, Anne Sofie Johannessen Nymark, Øystein Tvedt, Hans Asbjørn Åsbø, Kjell Kjærland og Mikal Saltvik.

Av dei 9 konfirmantane frå 1959 ( 60 års jubilantar) er 3 gått bort, men alle dei andre 6 var med på samlinga. Desse er som vist på biletet ovanfor: Frå venstre Signe Ida Halvorsen Solheim,  Torleiv Østrem, Marta Gunn Dalen Dynna, Eldrid Fiveland Espevik, Gerd Svalland Sagevik og Odd Gjerde.

17 frammøtte av totalt 18 moglege såg alle på som svært god oppslutning, med deltakarar frå Solund ytterst i Sognefjorden i nord, Sandnes i sør og Hadeland i aust. 

Det var god stemning og praten gjekk livlig rundt bordet med  kaffi/te og velsmakande smørbrød og heimelaga jubileumskaker. 

59 og 60 års tidsdifferanse la ingen dempar på praten og stemninga. Alle var samde om at det var kjekt å jubilera og at komiteen hadde gjort ein storarta jobb!