Arkivert
LKB
Foto:

Konsert og heider for Liv på Tunge 90 år

Ei fullsett Bjoa Kyrkje nytte musikk og kveding under jubileumskonserten i samband med 90-årsdagen til Liv på Tunge. Erik Fostervold spela orgel og piano og Marta Birkeland kveda - det vart ei storarta kulturoppleving. Etterpå samlast meir enn 100 Bjoabuar og tilreisande på Brandøy for å heidra jubilanten. Frå dei fem døtrene fekk ho og gjestene høyra denne prologen, ført i pennen av minstejenta Torhild. Stort betre går det ikkje an å få sagt det:  

PROLOG TIL MAMMA SIN 90 ÅRS DAG

Me har ei mamma me, alle fem, som treng ein tale med fynd og klem.

På rim og regler set ho pris, så den skal ho få på sitt eige vis!

Nå har me samla ein fudle sal av venner og slekt og lagt oss litt bal,

for nå skal me kosa oss alt me kan for yngre dame du aldri fann!  

…og ikkje var osten tom!  

Me er så krye av mammo vår. Så innhaldsrik mor ikkje alle får!

Ho minner om osten frå me var små. -den barneregla du les for oss då.

Så mykje spennande der kom ut av adle slag,- og til sist ein stut!

Me undrar oss på, men det er så flott, at alt kan få plass i ein så liten skrott!  

…og ikkje var osten tom!  

Beskjeden og blyg er ho litt i starten, men treff du mamma, når ho får opp farten,  med tæl og humør og slagferdig replikk, så ser du snart, at det held ´kje stikk! Allsidig dame? Ja skulle du sett! Prøv å følg henne, du får det ´kje lett: I kyrkje, fjøs og i restaurant! …og så har ho så støvande temperament!  

…og ikkje var osten tom!  

-Så kul og ungdommeleg mor du har! Då pleier eg ofte å gi til svar,

at mamma er mamma og bestevenn: Med ho kan du fjolla, så tårene renn,

men låner deg øyret, om du strevar og slit og gir deg råd med varme og vit. Rettskaffen, skver og tolerant. Sjeldan ein slik ei dame fant!  

…og ikkje var osten tom!  

Som bondekone du stod på som mest: Søndag som mandag, kvardag som fest:

Ein unge i skjørtet og ein på barmen. Ei indisk gudinne med åttande armen

gjorde ´kje jobben betre enn henne. Gardsferie og ungdomsherberge.

- Heng i og rydd, det kjeme folk! Engelsk og tysk, ho treng ikkje tolk!

 …og ikkje var osten tom!   

Og det var ikkje rart dei kom, for der var det husrom og hjarterom!

Vafler og kaker og lefser på skrå, mon tru, kor kjem det vel alt i frå?

Koseleg drøs og ein kaffiskvett, og tida fyk, nei skulle du sett!

Men tida finn ho og lite klager. Har ho mon tru eit utømmeleg lager?  

…og ikkje var osten tom!  

Bunader syr ho med tusen sting. Med treffande ordtøkje slår ho i kring.

Med Ibsen og Wergeland er ho på post og les både Snorre og lettare kost.

Har sunge sidan ho kunne stå og skriv deg eit dikt på eit lite nå.

Øser seg opp over dum politikk og vermeldingar, som ikkje slår stikk.  

…og ikkje var osten tom!  

Litt plunder med hofte og «startmotor». Pacemakeren går litt for seint for ho, men kvar dag på tur med krykkjer og sko: -Der går mamma, kor skal ho no? Før var ho på tur til mange land:  Italia, Tyskland og Nederland. Ho gjekk seg ´kje fast i den daglege donten, for reising utvidar horisonten.  

…og ikkje var osten tom!  

Nei, mamma er ´kje nett fødd i går men, tenk,- no er ho blitt NITTI år!

Ho seier ho har alt ho ønskjer seg, men vil vera saman med deg og meg!

Så nå skal me feira for «full musikk», med slekt og venner, god mat og drikk,

- for om livet blir flokete, langt eller kort: Varmen frå vennskap vil gjera det stort!  

…og aldri blir osten tom!