Arkivert
bs
Foto:

Kronerulling for lys og lyd

KRONERULLING FOR LYS OG LYD I BJOA SI STORSTOVE:

Året rundt og i fest og kvardag møtest barn og vaksne på Bjoa i gymnastikksalen. Der blir scena flittig brukt av barnehagen, skulen, 17. mai og 4H.

Etter 40 år er no både lyd og lysanlegg utslite og utdatert. Dermed er det få i salen som får med seg alt som kjem frå scena. Tida er komen for å skifta ut det gamle utstyret og få nytt og tidsmessig utstyr på plass!

Bjoa 4H har saman med Bygdeutviklingslaget fått tilbod om eit moderne lyd- og lysanlegganlegg, akustiske tilpassingar og teleslynge til ein pris på 525 000 kr.

Alt vil bli levert og installert av fagfolk. Ein del av totalkostnaden har me alt fått inn frå stiftingar og det offentlege, men størstedelen vil me måtta ta sjølve. Fleire lag og organisasjonar på Bjoa vil knusa sparegrisen sin for å få dette til. Dette er eit stort løft og me difor vil  opna for ei kronerulling med mål om å få inn 180 000,- frå næringslivet og privatpersonar som er opptatt av Bjoa som ei levande bygd.

Send meg gjerne ei melding eller ring på 977 45 716 om du vil ha ei nærare prosjektomtale på e-post. Du vel sjølv om du vil vera anonym eller stå på lista som bidragsytarar. I alle høve kan du få tilsendt faktura på beløpet, slik at du har eit bilag i rekneskapen for sponsinga / gåva til prosjektet. 

Bjoa 4H sin bankkonto er 3535 20 12945. 

På førehand: Tusen takk!

Bjoa 4H v/ Bente Sandsgård