Arkivert
Norsk landbruk
Foto:

Lasse Asbjørn på Norgestoppen igjen

Lasse Asbjørn Tvedt har vore blant landets beste mjølkebønder i mange år. I 2014 hadde han den høgaste ytinga per årsku i landet med 11 960 l. Dette passerte han med god margin i 2019 då kyrne hans mjølka 12 977 l mjølk i gjennomsnitt! Dette gav den flinke bonden på Dalstveit førsteplassen i klassen for buskapar under 20 kyr.

Lasse Asbjørn er kjent - i alle fall i landbrukspressa - for si brennande interesse for mjølkeproduksjon. Han har i alle år arbeidd med å utvikla dyrematerialet gjennom målretta avl, og kyrne hans har gjort det så bra at Geno har kjøpt fleire oksekalvar frå han.  Han fortel at han følgjer dyra nøye opp heilt frå dei blir fødde. Godt kalvestell er ein nøkkel til suksess seinare, pluss at det er god dyrevelferd. Kyrne til Lasse Asbjørn går mykje på beite og hentar berre 27% av fôret i form av kraftfôr.

Bjoa.no tek hatten av for denne strålande og langvarige prestasjonen!