Arkivert
K.Ø.
Foto:

Me vil ikkje ha vindmøller på Bukkanibbo!

Som ein del av planarbeidet med ein mogleg vindmøllepark på Bukkanibbo, har NVE og Vindafjord kommune opna for høyring om planarbeidet. Styret i Bygdeutviklingslaget har arbeidd med ein omfattande uttale, der me har peika på negative konsekvensar på ei rekke område:

  1. Dramatisk visuell forureining - vindmøllene vil raga OVER toppen på Gråhorgjo og vera synlege over mesteparten av bygda vår.
  2. Helsefarleg støy for alle som bur og ferdast nærare enn 2 km frå vindmøllene, med stor negativ effekt på eigedomsverdiane i bygda
  3. Varig tap av friluftstilbod av høg kvalitet i heile Bjoadalen
  4. Alvorleg skaderisiko for totalfreda fuglar
  5. Forureining av terreng og vassdrag som følge av oljelekkasjar
  6. Konsekvensar for plante- og dyreliv
  7. Risiko for alvorlege skadar ved iskast frå vindmøllene på vinters tid

Uttalen vår ligg ved som vedlegg nedanfor, og me vil oppfordra folk om å senda eigen uttale til utbyggingsplane. Det er fritt fram for andre å klippa frå uttalen vår.

Fristen for innsending er 24. august 2026, og uttalen skal sendast til <nve@nve.no> og merkast "Høyringsfråsegn saksnummer 202601935"

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.