Arkivert
Lyla Claire Granberg
Foto:

Minnerik 17. mai - feiring på Bjoa

Vårverêt gav god medvind for feiringa av 17. mai 2021. Trass i strenge reglar for smittevern hadde komiteen laga til eit interessant program for dagen.

Høgdepunktet for mange var minnetalen Ingrid Steinsland gav då ho la ned krans ved minnebautaen. Ho var utfordra til å fortelja litt om kvinnene si rolle under krigen. : " Me syng om mødrene som har grett, ja, men dei gjorde  vel  meir?" Med fakta og nye opplysningar fortalde ho om koner og familiar som sat att og levde vidare etter tap av ektefeller og fedre. Heile den sterke minnetalen kan du lesa i vedlegget nedanfor, og dette er noko alle på Bjoa bør få med seg.  

Eit anna høgdepunkt var opninga av Baslibrua. Om lag 80 bygdefolk frå Bjoa og Vikebygd hadde møtt fram, mange i full bunad! Komiteane i Vikebygd og Bjoa hadde samarbeidd om arrangementet, og det vart spela hornmusikk og kasta hestesko. Kjetil Skartland heldt opningstalen, og fortalde om vegbygging på båe sider av elva. Arbeidet med å byggja Skredalsvegen frå Bakkafossen starta alt i 1957, men blei avslutta då vegen var komen fram til Skrubbasmåg. Baslivegen var berre ein kjerreveg fram til 1984, då skogsbilvegen vart bygd frå Dalasvingen til Baslia. Med bru over elva og ein ny vegstubbe er nå desse vegane knytte saman.

Tre unge jenter som representerte framtida, stod for den offisielle snorklippinga: Astrid Håvarstein Lothe frå Bjoa, Trine Vik og Ella Winterhus Julsrud frå Vikebygd.

Foto. Rune Hetland

Vindafjord Turlag fekk kraftig applaus for initiativet og gjennomføringa av prosjektet. Tveit Maskin har bygt/oppgradert vegen og Legria har rydda langs trasèen. Nå står det berre att grusing og finpussing før prosjektet er 100 % gjennomført - på imponerande kort tid. Det vanka skryt til alle involverte, inkludert positive grunneigarar. "Makalaust" og "Hundreårshending" var blant dei store orda folk brukte om prosjektet og brua. Den "nye" turvegen vil utvilsamt gi turglede til både Bjoabuar, Vikebuar og mange andre i åra framover.