Arkivert
Foto:

Nils Reimers er "Professional of the year 2023"

Nils Reimers (Tomax) fekk heidersprisen som Professional of the Year på den årlege prisutdelinga for oljefolk i Stavanger sist veke.  Han går dermed inn på ei gjev liste i norsk oljehistorie; saman med kjemper som Arve Johnsen, Thorleif Enger, Ståle Kyllingstad og Karl Jonny Hersvik. Nå er jo alt stort i oljeverda, men dette er så stort og så imponerande at det er vanskeleg å forstå det fullt ut.

Minst like vanskeleg er det å forklara kva Nils og kollegaene i Tomax har konstruert som er så genialt at heile oljeindustrien har tatt det i bruk. Det heile starta då Nils som fersk ingeniør fekk tilbod om koma til Connecticut og arbeida i utviklingsavdelinga til Teleco, som er ein del av Baker Hughes, eit av verdas største selskap innan oljefelttenester.

Under opphaldet i Teleco var Nils med på ei eventyrleg teknologisk utvikling av boreteknologien, og han og Tomax har seinare revolusjonert boringa av produksjonsbrønnar over heile verda. Bruk av data frå borerøyr og krone, meir styrbare borekroner og tannlegeteknikk for reinsing av borekrona har forbetra boringsresultatet i drastisk grad og gjort at det går an å bora djupare, lengre, raskare og billigare. Resultatet er ei dobling av utvinninga frå brønnane samanlikna med tidlegare. Slik sett har Nils og Tomax vore sterkt delaktige i å dobla verdiskapinga frå olje og gassindustrien, og dermed den norske oljerikdommen.

Her står ein utflytta Vikedalsbu framfor hovudkontoret og utviklingsavdelinga til Teleco i Connecticut, USA. Lastebilen er lasta med utstyr som skal til eit oljefelt på nordkysten av Alaska. Der skal Nils og teamet prøva å styra ein horisontal brønn nedover i sanden etter eit elveløp frå Juratida -  omtrent 2500 m under bakken. Utstyret er lengder av borerøyr med innebygde sensorar og prosessorar som sender informasjon til overflata. Røyra har lengder på ca. 10 m kvar og ligg bak på bilen. Same utstyret blei brukt for å bora over hundre horisontale oljebrønnar på Trollfeltet.   I 2022 blei Tomax sitt utstyr nytta til å bora verdas djupaste oljebrønn til 15 290 meter. Say no more!

Litt bakgrunnsinformasjon om SPE - Society of Petroleum Engineers:

SPE er verdas største medlemsorgaisasjon av ingeniørar, vetskapsfolk og leiarar i olje og gassindustrien. Dei 119 000 medlemmene er spreidde på dei 138 landa som har aktivitet i leiting eller produksjon av olje og gass. SPE har hovudkontor i Calgary, Dallas, Dubai, Houston, Kuala Lumpur, og London. I Noreg er det ei handfull regionale seksjonar, med Stavanger Section som den største og mest aktive. Kvart år arrangerer SPE Stavanger ei årleg prisutdeling til medlemmer som har utmerka seg med eit unikt bidrag.

Bjoa.no er nesten mållause av beundring og gratulerer!