Arkivert
Elin Arianson
Foto:

Ny rektor på Bjoa Skule og Barnehage

NY REKTOR PÅ BJOA

Bjoa skule og barnehage har fått ny rektor, og det er på tide å finna ut litt om kven den nye rektoren er ! Eg er på oppdrag for bjoa.no, og har fått avtale med den nye rektoren for eit intervju. Denne fine morgonen er ein bra dag for eit intervju, tenkjer eg i det eg set meg inn i bilen. Det går ikkje mange minuttane før eg ser at det kan henge i ein tynn tråd med heile intervjuet. For sjølvsagt er det asfaltarbeid langsvegen….denne asfalten som vi har venta så lenge på at det ikkje er mogeleg å bli irritert eingong, sjølv om minuttane verkar lange når køen av bilar hoparseg opp og den unge mannen som er sett til å halde styr på køen ber meg om å kjøra litt nærmare bilen framfor meg. Eg ringer til skulen og gir beskjed om at eg sit fast i køen.

-      Ja, men då kjem du når du er klar !

Eg høyrer gjennom telefonen at ho smiler og eg kjenner at eg gler meg til å møte denne dama som er ny i Bjoabygda.

Så er eg endeleg på plass og den smilande rektoren er klar ! Eg spør ho om kven ho er og ho er kjapt i gang med å fortelja:

-      Eg heiter Åse Markhus Berge, er 47 år og bur i Ølensvåg i lag med mann og barn. Eg har tre barn i alderen 15-20 år. Den eldste er flytta ut og studerer i Kristiansand. Då eg var nyutdanna lærar, starta eg i jobb på Øvre Vats skule. Der var eg til skulen blei lagt ned og så fekk eg jobb på Skjold skule. Det var i 2003. Øvre Vats skule var ein fådelt skule, mens Skold skule har klassar på alle trinn frå 1.-10.klasse. I Skjold underviste eg på alle stega og jobba for det meste som kontaktlærar. Eg brenn for mattefaget og spes.ped, og har jobba mykje med elevar som har ekstra utfordringar. For 3 år sidan hadde eg eit pauseår frå skulen og jobba som opplæringskoordinator på Ølen Betong. Det er jo ei familiebedrift og det var kjekt å få prøve seg på ulike prosjekt der.

Men kva var det som fekk denne spreke og blide læraren til å søke rektorjobben ved skulen og barnehagen på Bjoa ?

-      Etter mange år som lærar har eg eit ønske om å påverke meir. No når mine eigne barna har blitt ungdommar, har eg meir tid til å konsentrera meg om jobben, og eg ønskte meg nye utfordringar.

Den nytilsette rektoren fortel at ho ser mange moglegheiter ved at skulen og barnehagen utgjer eitt oppvekstsenter frå barna er knapt eit år og fram til dei er 12 år gamle. Barnehagen er nytt område for henne, men ho liker tanken på å skape ein heilskap der ho kan vera med på å bidra til gode overgangar mellom det å vera barnehagebarn og bli skulebarn. Den nye rektoren er opptatt av overgangar. Erfaringane ho har frå den tidlegare jobben i ungdomsskulen gjer at ho veit ein heil del om kva som ventar elevane når ho skal losa dei vidare frå barneskulen til ungdomsskulen. Desse erfaringane vil ho bruke for å bidra til at elevane frå Bjoa får ein god overgang etter kvart som dei skal ta fatt på ungdomsskulen i Ølen.

Ho har vore rektor i ein månad no, og ho fortel at det er mykje å setje seg inn i. No i starten har ho laga seg ei lang arbeidsliste kvar dag. Så jobbar ho seg gjennom lista og lagar ei ny og like lang liste for neste dag. Ho er glad for dei erfarne og trygge, gode kollegaene som ho har fått både på arbeidsplassen på skulen og barnehagen, i tillegg til den støtta ho får frå andre einingsleiarar og frå kommunenivået.

Eg er nysgjerrig på kva den nye rektoren ser på som den viktigaste oppgåva i den nye jobben. Det glimtar i augo hennar når ho svarar

-      Å sikre eit godt oppvekstmiljø med ein trygg leike- og læringsarena for barnehagebarna og elevane, samt eit godt arbeidsmiljø for dei vaksne må vel vera det viktigaste !

Ho viser til Opplæringslova paragraf 9a der det i 2017 vart gjort endringar som gir elevane klare rettar i høve til å ha eit trygt fysisk og psykososialt læringsmiljø.  Dette gir elevane større rettsvern enn tidlegare, og er med på å setje fokus på kor viktig det er at alle drar lasset i lag og er med på å skape det gode og trygge miljøet som skal til for at barn og vaksne skal trivast i leik oglæring. For Bjoa skule og barnehage er dette konkretisert mellom anna gjennom ei satsing på Olweus-programmet. Dette er eit program mot mobbing og antisosial åtferd som tilfredsstiller strenge krav til vitskapleg dokumentert effekt. Programmet har gjennom mange år vist gode resultat for å redusere og forebygge mobbing i skulen. No blir det jobba med at Bjoa skule og barnehage skal få sertifisering som Olweus-skule i 2020.

Det gode læringsmiljøet vil eg gjerne høyra meir om. Rektoren deler gjerne tankane ho har omkring dette når eg spør om kva ho ser som dei viktigaste faktorane for å skape eit godt læringsmiljø.

-      Tryggheit for elevane! Trivsel og medbestemming.

Svara kjem ganske kontant og eg ser at ho meiner det ho seier. Dette er noko ho brenn for. Ho fortel om ein skule som har endra seg opp gjennom åra. No har elevane mykje større rett til å bli tatt med på råd. Få vera med å bestemma. Dette har utvikla seg over år og er ein viktig del av det å skapa godt læringsmiljø. Det er også viktig å gi elevane vurdering for læring. Dei må vite korleis dei ligg an i høve til læringsmåla. Og dei må vite korleis dei lærer. Alle lærer ikkje på same måte og det er viktig for den einskilde elev å vita korleis han eller ho lærer, samstundes som det er nødvendig for dei vaksne å vita det for å kunne hjelpe på best mogeleg måte. Det gir høve for tilpassa opplæring som igjen er med på å skapa trygge elevar. Den fådelte skulen gir både utfordringar og moglegheiter i høve til læring, ansvar, omsorg og respekt. Her leikar elevar frå 1.-7.klasse i lag. I somme høve er det samleik mellom elevar og barnehagebarn. I fotballbingen er det bruk for alle for å laga lag, og det er mykje læring av gode eigenskapar gjennom leiken. Dette er noko som elevane kan ta med seg vidare. Rektoren understrekar også at det gode læringsmiljøet er noko ein skapar i fellesskap med foreldra. Heim-skulesamarbeidet er ein særs viktig faktor i dette arbeidet.

Rektoren blir litt tankefull når eg spør om ho ser for seg at Bjoa skule og barnehage skal ha nokon særskilt profil framover. Ho er stille ein augneblink før det kjem:

-      Eg kan nok ha nokre tankar og idear. Om det at vi er midt i naturen, at vi allereie har miljøgruppe på skulen og at dette er noko som karakteriserer skulen. Det kjem ny læreplan for skulen i 2020 som inneheld fleire tverrfaglege emne som det kan vera aktuelt å ta tak i. Eg ser jo mellom anna at det tverrfaglege emnet «berekraftig utvikling» er noko som kan passe inn hos oss. Men dette er jo noko eg vil diskutera med kollegaene mine og som vi må utvikle i lag - også i lag med elevane.

For barnehagen har vi ei særskilt satsing på språk. Dette skjer mellom anna gjennom noko vi kallar dialoglesing. Her jobbar vi med språkutvikling med utgangspunkt i ei forteljingsbok. Boka blir lesen høgt fleire gonger og blir så utgangspunkt for leik, samtale og andre aktivitetar. Ved å gå inn i den same forteljinga fleire gonger og med ulike innfallsvinklar, kan vi fremje språkutvikling og språkforståing.

Eg er opptatt av at vi skal ta vare på det som er bra ved skulen og barnehagen samstundes som det må vera rom for endringar og utvikling. Bjoa skule og barnehage er ei lita eining, vi er få vaksne og det er viktig at vi byggjer på styrkane til kvarandre.

Vi har vore så vidt innom samarbeid med foreldra. Rektor har formidla kor viktig ho meiner det er at dette er stødig og godt. No lurer eg på om ho ha tankar om kva rolle skulen og barnehagen bør ha i bygda og kva bygda kan bidra med for å skape ein god skule og barnehage. Rektor ser ut til å vera glad for spørsmålet, for ho lener seg litt framover og engasjementet er tydeleg når ho tar ordet:

-      Levande bygder! Skulen og barnehagen bør vera eit viktig samlingspunkt i bygda. Eg ønsker at bygda støtter opp om viktige merkedagar og at det fortsatt skal vera mykje god aktivitet for heile bygda i gymbygget  på ettermiddag- og kveldstid. Vidare håpar eg bygda vil bidra med positivt snakk om skulen og barnehagen. Dette er ei særskilt viktig oppgåve for dei vaksne, -både overfor barn, men også i samtale med kvarandre og utad overfor andre.

Eg ønsker meg at bygda engasjerer seg i arrangement som skulen og barnehagen legg opp til. Og så vil eg jo gjerne at når nokon har noko dei lurer på eller er misnøgde med, så tar dei det opp med oss !

Barnetalet er på veg ned på Bjoa. Det er ikkje til å unngå å komme inn på korleis den nye rektoren ser for seg framtida for Bjoa skule og barnehage.

-      Det er no 13 barn i barnehagen og 37 elevar på skulen. Elevtalet går kraftig ned til neste år og vi veit at skulebruksplanen skal opp til politisk vurdering i 2020. Men eg hadde ikkje tatt denne jobben viss eg trudde at skulen og/eller barnehagen skulle leggast ned! Eg ser framover  og gleder meg til å bli kjent med elevane og barnehagebarna, dei tilsette og foreldra. Eg ser allereie at vi har ei flott elevgruppe på skulen og flotte barn i barnehagen. Det er spennande å få vera med og påvirke og styre retninga framover !

Ho er svært overbevisande den nye rektoren. Så etter at eg har fått lov til å ta nokre bilder av ho, går eg derifrå med ei kjensle av at dette kan gå veldig godt ! Eg ønsker lukke til med rektorgjerninga!