Elin Arianson
Foto:

Populære blåbær

Sjølvplukkarar frå fjern og nær fyller i desse dagar spanna sine med blåbær frå hagen til Alfred Mitchell på Utbjoa. Det starta med nokon buskar i 1992, seier Alfred, og nå dekkjer hagen meir enn 6 mål. Blåbærbuskane er populære blant fleire enn sjølvplukkarar med spann.  Særleg om vinteren og våren er det vanskeleg å halda rådyra vekke frå hagen, og sauer på ville veier likeeins. Mange fuglar elskar bæra, og nøtteskrika og gråtrosten er spesialistar på bærplukking. Når trosten er på tur sørover i store flokkar, kan dei snøya eit bærfelt på minuttar, seier Alfred. Meir eksotiske bærelskarar er måren og reven, så her er det eit variert dyre- og fugleliv, seier Alfred, og legg til at han elskar fuglesongen i hagen.

Blåbærsesongen varer ut september, så viss du treng blått påfyll i spiskammerset, er det lurt å ta kontakt med Alfred.

På NRK Rogaland finn du innslaget som nr. 6 den 9. august i år: https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-rogaland/201908/DKRO99080919/avspiller