Arkivert
Sonja Toadalen Sælevik
Foto:

Skiføre de luxe innover Kolbeinshauglia

Det er makalause forhold for å gå på ski innover Ølsdalen og Kolbeinshauglia nå. Bygdeutviklingslaget har fått lov å brøyta vegen, og i morgon skal det vera mogleg å koma opp til parkeringa ved Gautehidleren, sjølv for bilar utan firhjulstrekk. Det er godt skiføre både på og utanfor skogsvegen. Frå Svorindsvà er det mogleg å gå sløyfer om Stølen eller rundt Kolbeinshaugtjødno. Sprekingar kan følgja høgspenttraseen over til Vikestølen, for ikkje å snakka om dei hyperspreke som kan klyva opp på Gråhorgjo og gå på ski på Bjoas tak.

Foto: Sonja Toadalen Sælevik

Ved Svorindsvà er det gapahuk, der ein kan nyta litt sol og medbrakt niste, og bålpanna står klar for pølsekos etc.

Så flotte og stabile snøforhold som me har i år, er det mange år sidan me har hatt! God tur!