Arkivert
Foto:

Sommarmarknad på Helsehuset

Det starta med å snakka om litt plantesal, men kvifor stoppa der?! Nå inviterer foreninga alle som lagar noko, dyrkar noko, bakar noko o.s.v. til å melda seg på med ein stand. Prisen er 100 for medlemmer og 150 for ikkje-medlemmer. Dei som sel plantar står ute, og det blir opna for sal av andre produkt inne. Utstillarar må melda seg på til Linn Gjerde via messenger eller tlf 918 57 505 seinast 7. juni.

Alle andre må halda av denne ettermiddagen og ta turen til Helsehuset. Det blir sjølvsagt kafe og plass til å setja seg ned og slå av ein drøs. I kjellaren er arbeidet med å byggja treningsrom i gang, og det blir råd å ta ein kikk og sjølvsagt melda seg til dugnad framover for dei som vil.

Følg med: Meir informasjon om arrangementet vil komma når fristen for utstillarane er omme. Velkommen til ein kjekk ettermiddag for store og små kl 16 - 18!