
På desse tider i fjor innvilga Landbruksdirektoratet tilskot til utviding av tømmerkaien på Utbjoa. Det skal investerast totalt 12 millionar kroner og staten dekker 80 prosent av investeringa under føresetnad av at alle skogeigarane i regionen får bruka tømmerkaien. Det vilkåret er nok ikkje noko problem for Vindafjord Skogeigarlag, som er eigar av kaianlegget og ansvarleg for drift og vedlikehald. Utvidinga har vore ute på anbud, og Johs. Røgelstad Maskin AS frå Skånevik vart vald som entreprenør for arbeidet. Bjoa.no var nedom på kaiområdet nyleg og fekk ein prat med Johannes om anlegget. Kaien blir ikkje bygt på søyler, som er ganske vanleg, men med kaifront og dekke i betong og med steinfylling frå land og ut til kaifronten. Dermed unngår ein utvasking og slitasje under kaidekket, noko som over tid har vist seg å vera eit problem på mange søylekaiar.

Massar til steinfyllinga blir sprengt ut på skogeigarlaget si tomt, som etter steinuttaket vil utgjera utvidinga av kaiområdet. Det er tydeleg at Johs. Røgelstad har lang erfaring frå arbeid med denne typen anlegg, og mange meiner han er den "flinkaste i klassen" og at me er heldige som har tilgang på slik kompetanse i nærleiken.
Kaifronten skal utvidast frå 25 til 60 meter, og med det blir kaien på Utbjoa ein av dei største tømmerkaiane i vår region (Vikedal 50 m). Baklageret vert utvida til 4 dekar. Dette vil auka kapasiteten frå 800 til 2500 kubikkmeter ved kaifront utan kipping frå baklager - altså ei tredobling av kapasiteten. Dette gjer at opplasting av tømmer kan gå mykje snarare, noko som betyr lågare fraktutgifter og mindre støy for nærområdet.
Mesteparten av arbeidet vil vera gjort fram til midten av januar, viss vêret vil samarbeida. Mange operasjonar er vêravhengige, særleg betongarbeidet. Så litt tålmod vil det nok vera godt å ha. Etter normal herdetid for betong, kan nok nye-kaien innviast i god tid før påske 2026.
Tømmerkaien ligg godt til i skipsleia og sentralt plassert i Sunnhordlandsbassenget og godt tilpassa større båtar. Skogeigarane i Karmøy, Bokn, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Etne og delar av Sveio vil med dette vere sikra ein rasjonell og framtidsretta tømmerkai for utskiping av tømmer. Når Utbjoakaien er ferdig til bruk igjen, vil Vindafjord kommune har to moderne tømmerkaiar, ein i Hardangerfjorden (Utbjoa) og ein i Boknafjorden (Vikedal). Det sikrar skogbruket på heile Haugalandet gode og fleksible utskipingsvilkår, uansett kva type tømmer det gjeld og kor i verda kjøparane held til.