Arkivert
Foto:

Bjoa kyrkje: Stort vedlikehald og 125 år blir markert i november

Stort vedlikehald

Bjoa kyrkje får denne hausten ny bordkledning, ny isolasjon og tetting, og vindaugo mot sør og ei ytterdør skal skiftast ut. Dette er det største utvendige vedlikehaldet av kyrkja i manns minne - kanskje det største nokonsinne sidan ho vart bygd. Mange vil også seia at det var på tide, for bordkledningen på sørsida var bokstaveleg roten. Vindafjord kyrkjelege fellesråd er byggherre, og bygningsfolk frå Dommersnes & Larsen utfører arbeidet.

Både skiftinga av glasa og av bordkledningen på tårnet er vêravhengig, og det same gjeld siste malingsstrøk. Men viss vêret ikkje skaper seg fullstendig vrangt, skal det meste vera gjort i september.

Jubileumshelg

Soknerådet ønskjer å markera 125 års-jubileet og den ny-oppussa kyrkja i helga 6. til 8. november.

Fredag 6. november kl. 1930 ønskjer soknerådet å arrangera ein musikk-kveld i kyrkja.

"Me er heilt opne om korleis denne kvelden skal bli, det kan bli ein konsert, eller fellessong, eller ei blanding. Me håper at lokale krefter vil bidra med song og musikk denne kvelden", skriv soknerådet på Facebook.

Dei ber alle som ønskjer å bidra om å ta kontakt med Knut Omdal på e-post: knuto@lyse.net eller tlf. 959 04 006.

Søndag 8. november blir det gudsteneste kor jubileet også vil bli markert.

Me ser frem til å ta del i markeringa av 125 års jubileet!