Arkivert
Foto:

Strålande mottaking for lokalhistorisk praktbok

Alle sitjeplasser i Haugsbu var opptekne då Ernst Arne Sælevik lanserte den nye boka si på onsdag.

Forfattaren fortalde om bakgrunnen for boka og korleis han hadde arbeidd med stoffet gjennom 6 år. "Dette er ei bok som byggjer på fakta, og difor har eg samla opplysningar i offentlege ark frå sør til nord, nasjonalbilioteket og ei rekkje andre kjelder frå nær og fjern", sa Ernst Arne. I boka kan ein følgja trefartøya frå vogge til grav. Dei fleste båtane som vart laga på strendene våre, blei aldri verdskjende. Dei var kystens trugne slitarar i funksjon som t.d. fiskeskøyter og fraktefartøy. Dei var viktige brikker i lokalt næringsliv og skipsbygginga dyrka fram dugande handverkarar i den krevjande kunsten det er å byggja gode båtar. Boka er rikt illustrert med bilete av båtar og byggjestader / vervar.

Sjølv om praten gjekk trivleg i Haugsbu rundt kaffikoppar og kakefat, var det også påfallande kor mange som kasta seg over boka og tok til å lesa. Ordføraren helsa frå kommunen og kalla boka for ein unik dokumentasjon av lokal skipsbygging og entreprenørskap.  "Med denne boka har Ernst Arne utført ein lokalhistorisk bergingsaksjon av varig verdi".

Sonja og Ernst Arne Sælevik med ordførar Vierdal i ryggen

Mange skaffa seg boka med forfattaren sin signatur på lanseringskvelden, og bygdefolk vil få sjansen igjen på julemarknaden på Bjoa Skule den 7. des. og på Bygdekafèen på Helsehuset den 12. des. Boka vil vidare vera til salgs på bokhandelen i Ølen og Aksdal, og på butikken i Vikebygd.

BBU gratulerer forfattar og bygda med den flotte boka!