Arkivert
ea
Foto:

Suksess for kveldsdugnad om Utbjoa - stadnamn

Utbjoa Grendahus er blitt ein populær møtestad i bygda. Her møtest bygdafolk, hyttefolk og andre til ulike arrangement. Her skjer møte mellom personar i fleire generasjonar. Interessante tema kjem opp i samtalane og informasjon blir delt og diskutert. Det var i ein slik samtale mellom fleire, der ein kom inn på lokale stadnamn, at idéen om å samlast for å få betre kunnskap om dei lokale stadnamna kom opp. Det viste seg at det var fleire som undra seg og lurte på  dei heilt lokale namna og hadde tenkt tanken på at det ville vore kjekt å kunne ha eit kart som viser dei lokale namna på Utbjoa.

Idéen om ei kveldssamling med lokale namn som tema blei gripe fatt i. Tanken var at me må nytte tida godt medan me framleis har fleire av dei eldste blandt oss som har vakse opp med namn på mangt og mykje i lokalmiljøet. Fleire av oss som bur her no har vakse opp og budd andre plassar og har dermed ikkje den same kunnskapen om dei lokale namna som dei som allereie har levd eit langt liv på Utbjoa. Ønsket var kort å godt å kunne pryde veggen i grendahuset med eit lokalt kart med så mange stadnamn på som mogeleg slik at denne kunnskapen er lett tilgjengeleg for alle og blir gitt vidare til yngre generasjonar.Heldigvis har me også ressurspersonar i Bjoabygda som har studert og undersøkt lokale namn meir systematisk.

Ernst Arne Sælevik og Ingrid Steinsland har begge studert den lokale historia frå fleire vinklar og var dermed naturleg å kontakta. Dei er begge ja-menneske og ville gjerne bidra. Etter kvart som det blei kjent at ein temakveld var under planlegging, dukka det opp fleire som formidla at dei hadde skrive særoppgåver på vidaregåande skule om lokale stadnamn. Dette syner at interessa for dei lokale namna også finst blant dei yngre. Alle blei inviterte til å komme på temakvelden og bidra ut frå den kunnskapen dei har om tema. Ernst Arne viste også vidare til Egil Sølvberg i Sør-Fylket, som er kontaktperson for eit lokalnamnprosjekt som har gått føre seg over mange år. På 80-talet blei det i regi av dette prosjektet samla inn lokale stadnamn i vårt område.

På Utbjoa var det Lærar Erik Bjørnsen som var kontaktperson og formidla dei lokale namna vidare. Slike prosjekt med innsamling av lokale stadnamn går framleis føre seg over heile landet. Det er retningslinjer for registrering av namna i database som er tilgjengeleg for alle. For vårt område kan me sende lokale namn til Egil Sølvberg som kan vidareformidle og få namna registrert og lagt inn på kartet. Ved å søke opp https://lokalnamn.no kan ein zooma seg inn på kartet og få opp registrerte namn på lokalt nivå.Gjennom vår kontaktperson i Sørfylket fekk me også høve til å skrive ut kartet for Utbjoa og hadde dermed eit godt arbeidsgrunnlag med mange namn innteikna. Me sytte for at det blei trykt opp kart i stort format som me hadde klare til temakvelden. På førehand blei me kontakta av fleire som ytra ønske om å delta, men som ikkje kunne møte denne kvelden. Det var spennande å sjå kor mange som dukka opp. Om kvelden onsdag 31. januar var det eit skikkeleg dritt-vær med regn, hagl og kraftig vind. Til tross for det ufyselige været møtte 20 personar opp.

Heldigvis er me no velsigna både med vedomn og varmepumpe i grendahuset, så inne var den gode og varme stemninga på plass. Me delte oss i 4 grupper og alle gruppene fekk utdelt kvart sitt store kart, blyanter og viskelær. Her var det lov å skriva på karta! Gruppene studerte kartet, leita etter namn, diskuterte og skreiv inn endringar. Dei aller fleste namna  var allereie registrert på kartet og stemde med forsamlinga si oppfatning av kva som er rette namn. Kartet kom også opp på lerretet på veggen, og etter at gruppene hadde jobba ei stund kvar for seg, starta me gjennomgangen av kartet i fellesskap stykke for stykke og blei einige om nokre endringar. Nokre namn var feilplasserte og nokre namn mangla.

Etter kvart som kartet blei gjennomgått skreiv gruppene inn justeringane på karta dei hadde fått utdelt. Undervegs fekk me innsyn i fleire historier med situasjonar frå "gamle dagar". Etter ein times tid blei det servert litt mat og kaffi. Praten gjekk livleg i pausen og fleire historier ble delt. I økta etter pausen blei gjennomgangen av kartet fullført og karta med namneendringar blei samla inn. Det vidare arbeidet vil no vera å sende inn endringane og håpe på at dei vil bli registrert inn i kartet.Det kan nok hende at det vil ta litt tid før me kan skriva ut og henga opp eit kart som me er nøgde med på veggen. Prosessen så langt har vore interessant og spennande for oss som har deltatt og fleire av oss er nok blitt litt meir opplyste og medvitne om namna på plassane rundt oss.

Kan hende gir det oss enda betre tilhøyr til heimplassen vår og til kvarandre.