Arkivert
Foto:

Tradisjonell julemarknad 3. desember

Endeleg kan det arrangerast kompakt julemarknad igjen der gymsalen på Bjoa er stinn av både folk og julestemning! Det er Bjoa Sanitetsforening som står bak marknaden, og i komiteen og på dugnadslista er det både medlemmer og andre frivillige som ønskjer det skal skje noko kjekt i bygda. Godt over 30 utstillarar tilbyr matvarer og godteri, handverk av mange slag, velværeprodukt og plastartiklar, juletre og dørkransar. Her blir kafé med graut og kaker, pølser på spidd over bålpanne og intimkafé i julebiblioteket. Du kan nyta synet og lukta av årets peparkakebygd og for ungane blir det gratis julekino. Elles blir det juleverkstad med "Perle for fred", miniatyrskyttarmeisterskap for både barn og vaksne, tippekonkurransar, loddbøker med fine gevinstar frå utstillarane og lynlotteri. Marknaden utfordrar også publikum til å donera julegåver til Stiftelsen KPK Ukraina. Gåva kan vera ny eller fint brukt, pakk den inn og merk gjerne med kva alder og eventuelt kjønn den passar for.

Velkommen for å handla og drøsa, eta og prøva vinnarlukka, snusa inn lukta av peparkaker, granbar og bål - og kjenna den gode julestemninga krypa innpå deg i godt lag med masse andre trivelege folk. Og du: kanskje kjem nissen også!