Arkivert
Elin Arianson
Foto:

Triveleg Julekafè

Leiar i BBU, Harald Hetland, ønskte velkommen og overlet ordet til Bjoa Bygdeliste sin kommunestyrerepresentant Kristian Resset, som var først ut i programmet.

Kristian  orienterte om aktuelt i kommunepolitikken. Han tok utgangspunkt i ein avisartikkel frå Haugesund´s Avis frå 12. desember i 2000 og viste til at bygda også den gongen sto overfor mange av dei same utfordringane som vi gjer i dag. For Bjoa sitt vedkommande var det den gongen slutten for ferjesambandet mellom Utbjoa og Stord, og det var små barnekull og kamp om å halde oppe drifta av skulen. Det var likevel mykje optimisme og pågangsmot i bygda. På den tida var det mange idear om satsing på turisme, hjernekraft og alternative arbeidsplassar. Han viste til at i dei påfølgande åra blei det fødd mange barn på Bjoa og ei spennande utvikling fann stad. I dag står kommunen vår overfor store økonomiske utfordringar. Samstundes skal det utarbeidast ein ny plan for skule og barnehage. Vats barnehage blei nyleg så vidt berga frå nedlegging, og det blir spanande å sjå kva prioriteringar som blir gjort i den nye skule- og barnehageplanen. Kristian refererte til at gjeldande kommuneplan stadfester at skule og barnehage er vesentlege kriteriar for levande bygder. Han peika på at skule og barnehage ikkje berre er å sjå på som utgifter på budsjettet, men også ei investering. Vi er ein bygdekommune og må difor oppretthalde bygdene. Det kan virka krevjande når barnetalet går ned, men Kristian viste til tidlegare svingningar i folketalet og oppmoda om å ta fram kreativitet og humør for å møte utfordringane. Ny kommuneplan skal utarbeidast i denne perioden og Kristian ba bygdefolk om å vera vakne og følgja med på prosessen. Han peika på at Bjoa Bygdeliste ønskjer at formannskapsmøte og møte i dei ulike komiteane skal streamast, slik at møta blir lett tilgjengelege for alle. Han understreka at Bjoa Bygdeliste  vil prioritera innsatsen for å oppretthalde skular og barnehagar, og betre den kommunale økonomistyringa.

I spørsmålsrunden etter innlegget blei det peika på at det ved innføringa av eigedomsskatt blei argumentert med at det ville gi økonomi for å oppretthalde skular i alle bygdene. Dersom det blir snakk om nedlegging av skular, må ein hugsa på dette og avvikla eigedomsskatten.

I neste innslag fortalde Liv Kari Bødker om historia til Bjoa Sanitetsforening. Sanitetsforeninga starta som Bjoa Helselag i 1935 og har i alle år vore knytt til Norske Kvinners Sanitetsforening. Liv Kari fortalde om arbeidet og oppgåver som Saniteten har vore engasjert i opp gjennom åra, og viste mange gamle bilete og avisutklipp. Opprinneleg var hovudoppgåva å betre folkehelsa og engasjere eigen sjukepleiar i bygda, men laget tok gjennom åra på seg mange og varierte oppgåver. Mykje har endra seg, men sanitetsforeninga har fornya seg og har stor aktivitet den dag i dag. Bjoa Sanitetsforening har i dag 53 medlemmer og ønskjer seg fleire. Foreininga har sunn økonomi med gjeldfritt hus. Dei har eit stort og variert aktivitetsprogram for 2020 og vil gjerne ha med fleire på dei mange aktivitetane.

På bygdakafèane blir det alltid servert kaffimat, denne gongen med mykje god heimebakst. Under kaffien hadde Sanitetsforeninga åresal, og Nils Terje Oma viste fram bilete frå Arnulf Utbjoe sitt biletarkiv. Det var mange som nikka gjenkjennande og trekte på smilebandet då dei fekk sjå seg sjølv på gamle bilete. Det var bilete frå skuleutbygginga, fotballkampar, orienteringsløp, Holmenkollstafetten , lokale skirenn og andre hendingar. Mange av Arnulf sine bilete har blitt overletne til Anne Gunhilde Oma frå Arnulf si slekt. Dei har også ytra at dei vil gjera fleire av dei digitale bileta hans tilgjengelege for bygda når dei har fått høve til å gå gjennom det store biletarkivet. Det kan såleis bli fleire sekvensar med biletframsyning på framtidige bygdakaféar,

Nils Terje viste fram ei stor gammal kiste som bygda har fått etter opprydning på det gamle kommunehuset. Kista har høyrt til på Bjoa og har vore i kommunen sitt eige sidan 1930-talet som arkiv for "Bjoa Sognekasse". Innhaldet er tatt hand om av kommunen og oversendt sentrale arkiv, men kista er altså gitt tilbake til Bjoa. No gjeld det å finna ein "heim" til kista, og Bjoa Sanitetsforening blei utfordra til å plassera henne på Helsehuset.

Harald takka Gunnar Dalen for arbeidet med hytta på Gråhorgjo både i planleggings- og byggefasen. Også etterat hytta blei ferdig har Gunnar følgt opp med å sjå etter hytta jamnleg. Han fekk eit fint trekrus med inngravering som takk for innsatsen.

Kafékvelden blei avslutta med trekning av fine gevinstar.