STS
Foto:

Turstien frå Haugsgjerdet til Gråhorgjo er nymerka

Lommekjende og ivrige turfolk frå Haugsgjerdet har nå merka turløypa frå Haugsgjerdet til Gråhorgjo.

Slik gjer du: Kjem du med bil til Haugsgjerdet, parker ved bygdahuset Haugsbu. Følg så hovudvegen i retning Ølensvåg 300 - 400 m, og ta av til høgre på jordbruksvegen som går oppover rett etter du har passert svingen. Følg skogsvegen og seinare merka sti. Eit fint turmål (og kvilepause) er platået Svaleberg. Deretter går stien vidare oppover, anten til toppen av Gråhorgjo eller til hytta ved Krokavatnet.

Ein annan variant er å gå opp frå Haugsgjerdet over Gråhorgjo og ned i Kolbeinshauglio på raudmerka løype, eller motsett veg. Då treng du skyss eine vegen, for busstilbodet er som kjent ganske skralt.

Stien er ganske bratt, men tilbyr fantastisk utsikt heile vegen oppover....og med dei nye merka på plass, kan ingen gå seg vill.