Arkivert
Leif Terje Årvik
Foto:

Våt og vellukka familidag i Båthamna

Bjoabuar, hyttefolk og tilreisande trassa ausregnet og stilte mannsterkt opp til familiedag i båthamna laurdag 17. august. Utover dagen blei véret lettare og smila breiare. Elias-båten gjekk i skytteltrafikk med to passasjerar om gongen, og heile 35 turar måtte den ta før alle små og litt større matrosar hadde fått vera med. Kanoane var også populære, og det var stadig padlarar som fekk prøva seg utpå.

Små og store prøvde seg lagvis på spørsmåla i naturstiløypa rundt Vågsholmen, og dei små syntes det var spennande å sjå om dei klarte finna alle postane. Ellers var det krabbefiske og knutar og basseng med forskjellig levande frå havet. Hjarte og lungeredning er livsviktig å kunna, og det var råd å øva på dette og å få sjå korleis hjartestartaren verkar. Sjølvsagt var det kafe med grillmat og kaker, og i teltet og grillhytta var det ly for dråpane og mykje god prat. Imponerande frammøte og kjekt å sjå at også folk frå nabobygdene tok turen til Bjoa denne dagen. Sanitets-damene og Båtlags-mannfolka kunne konstatera at det blei ein vellykka dag, og vil takka alle som deltok og medlemmene som jobba dugnad!

Takk også til Eliasbåten og Redningsselskapet sine folk, og til kommunen og Friluftsrådet for lån av redningsvestar og kanoar.