Søndag 27. oktober var Gymsalen på Bjoa pynta til fest og det var det duka for høgdepunktet i 4H-året: Årsfest.
Rundt 70 personar hadde tatt turen til årsfesten og kunne sjå utstillingane frå 4H-oppgåver i mange sjangerar siste året - heile 17 i talet.
I år hadde me èin plakett mottakar. Matas Streimikis har arbeidd seg gjennom heile 4H-løpet og mekking var siste oppgåve for han. Bra jobba og gratulerer så masse med gjennomføringa!
Frå scena var jo alt oppgradert mange hakk i år med knallbra lyd, lys og bilde. Med flinke, trygge og erfarne Bjoa-ungdommar på scena, blei det 40 minutt med god underhaldning for familie, venner og andre som hadde tatt turen .
Vel blåst alle medlemer og foreldre og leiarar!