Arkivert
Foto:

Viktig vår for Bjoa Skule

Vindafjord kommune har sett framtida for Bjoa-skulen og dei andre bygdeskulane på saklista denne våren. Kommunedirektøren har lansert sitt forslag. Etter folkemøte og høyringsrunde kjem saka opp i Formannskapet den 31. mai og til endeleg avgjerd i Kommunestyret den 21. juni.

Tida er difor inne til å mobilisera engasjement og kampvilje for skulen på Bjoa. Me minner om folkemøtet på Skulen onsdag 23. februar kl 19:00.

Norconsult sin rapport om framtidig skulestruktur i kommunen gav uttrykk for at skulebygget på Bjoa nærast var falleferdig og burde rivast. BBU fekk utført ei nøytral bygningsfagleg vurdering av skulebygget, og denne vurderinga tilbakeviste dei drastiske konklusjonane i Norconsult sin rapport.

Bygdeutviklingslaget og FAU sende i starten av planprosessen inn uttalar til planarbeidet, og det er mykje god argumentasjon å finna i dei dokumenta. Uttalen frå BBU er vedlagt nedanfor. Her litt frå konklusjonen:

Skulenedlegging og samfunnsmessige konsekvensar

"Barnehage og barneskule er ein fundamental funksjon i eit levande bygdesamfunn, og ei nedlegging handlar om langt meir enn slitne bygningar og små læringsgrupper.  Dei samfunnsmessige konsekvensane av nedlegging er ikkje omtala i Norconsult sin rapport, og dette gjer rapporten ueigna som grunnlag for ei samla vurdering, såvel økonomisk som politisk. Erfaringane på dette området er mange og fortel oss at det skjer dramatiske endringar i bygdene når denne viktige funksjonen vert flytta langt frå bygda. For born i barnehage og barneskulen er ei flytting frå Bjoa til Ølensvåg langt.  BBU har ikkje for vane å spreia dårlege spådommar, men ein kvar med ei ærleg tilnærming til dette spørsmålet må innsjå at ei nedlegging vil ha negative effektar langt utover sjølve skulesektoren:

a)    Sterk negativ effekt på bu- og oppvekstvilkåra.  Mange sosiale aktivitetar er knytte til skule og skuleborna.  Når skulen flyttar,flyttar også aktiviteten.  Når aktiviteten i bygda kjem under ein viss mengde, kan det rakna både for lag, organisasjonar og forsamlingshus.

b)    Sterk negativ effekt på busettinga, med aukande fråflytting av barnefamiliar, forgubbing og utarming av det sosiale livet. Skattegrunnlaget for kommunen vil også bli negativt ramma, med mindre ein greier å stansa flyttestraumen før den kryssar kommunegrensa.

c)    Sterk negativ effekt på eigedomsverdiane, noko som i første omgang vil ramma alle som eig eigedommar i bygda, og i neste omgang vil det føra til eit sterkt fall i skattegrunnlaget for kommunen.

d)    Den økonomiske effekten for kommunen er svært usikker og samla sett neppe positiv. Vindafjordvil med ei nedlegging ta eit aktivt steg for å bli fråflyttingskommune, noko som varslar at politikarane / administrasjonen har gitt opp og berre ventar på at ein større kommune snart skal ta over styringa."