Arkivert
gd
Foto:

Vinter på Bjoa - julekortmotiv kor du snur deg!

Året starta med vintervêr av den gode, gamle sorten. Slik såg Gråhorghytto ut på årets første dag: Ispanser på over 10 cm på framsida.

Så kom kulda: Pålitelege kjelder seier til bjoa.no at det er målt kuldegrader godt under 15 grader på Dalsmyrane, og Bjoavatnet kunne tilby skeiseis

nokre dagar før snø og slaps øydela glien. Her er Dimo i fint driv inn i yttersving.

Snøfallet sikra eit godt skiføre, og løypa til Vikestølen og vidare innover er finare enn på mange år. Foto: Camilla Vik Heggelund

Er det nokon som har laga ein større snømann enn dette? Skjerf og hua er nødvendig, for han står ute på Tunge, og der har det vore minus 17,5.

Hundelykke i nysnøen på Tunge. Foto: Torhild

Nyt dagane og Bjoanaturen, og hald fram med å senda blinkskota dine til post@bjoa.no.