Foto:
Start:
28/3/2026
12:00
Slutt:
28/3/2026
16:30
Pris:
Gratis

Open gymsal og Bygdakafe

Fri leik i gymsalen eller ute om du vil det. Eige område i gymsalen dedikert til ballspel, LEGO/Duplo, teikneområde. Dette er eit gratis arrangement for barn og vaksne i alle aldrar. Barn må ha følgje av ein vaksen.

Samtidig er det Bygdakafé i Vestibylen for små og store som treng ein leikpause og påfyll av energi. Der kan du få kjøpt pizzaboller, pastasalat m/ olivenbrød og pølser i brød. Kake, boller, vaflar og påskegodt. Kaffi, te og saft. (Gratis for dei som er på dugnad). Nytt gjerne høvet til å ta ein kikk på det pågåande dugnadsarbeidet på skulebygget. Alle er hjarteleg velkomne!
Alle inntekter går til Bjoa Bygdeutviklingslag sitt arbeid.

Frå kl. 14-18 er og fritidsklubben Pluggen open for barn og unge i kjellaren.

Lag knytt til arrangementet

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.